Frå minus til millionoverskot

Førde IL Fotball har snudd minustal til overskot. Frå å gå med nær 900 000 kroner i tap i 2017, synte rekneskapen for fjoråret 1, 1 millionar i overskot, skriv Firda. Styreleiar Arild Sandvoll seier dei har snudd alle steinar, kutta det som kuttast kan og samtidig halde oppe inntektene. Blant anna har dei kutta to årsverk og erstatta dei med dugnadsinnsats.