NRK Meny
Normal

Frå Luster til Bollywood

Hafslo-jente dansa i Bollywood-film som kan bli sett av over 30 millionar menneske i India.

Sandra solvi

PROFESJONELL: Sandra Solvi satsar på dans som leveveg. Den vegen leiar ho til mykje forskjellig, blant anna til oppdrag i musikkvideo frå Bollywood.

Foto: Dilladance Deekillah Shanebotwin / Flow Academy Oslo

– Det var ei fantastisk og stor oppleving. Det var ein heilt ny dansestil, eg blei kjend med ein ny kultur og lærte veldig mykje, seier Sandra Solvi på telefon frå Oslo.

Ho studerer og jobbar med dans i hovudstaden, og var ein av ti som vart plukka ut til å vere med å danse i ein musikkvideo i Bollywood-filmen «Shantu Straight Forward».

Den kan bli sett av over tretti millionar menneske i India, der Bollywood-filmar er svært populære.

Sandra i Bollywoodvideo

STJERNE: Fleire indarar hadde fått med seg at Bollywood-stjernene var i Oslo under innspelinga i september og kom for å sjå på, fortel Solvi. Ho er nummer to frå venstre.

Foto: Screenshot / Lahari music/T content

Meir indisk film i Norge:

Eigne paraplybærarar

– Vi merka at dei var store stjerner. Dei vart behandla litt forskjellig frå det vi vart. Dei hadde private paraplybærarar som passa på at dei ikkje fekk sol i ansiktet og slikt, fortel Solvi om opplevinga.

Innspelinga gjekk føre seg i Oslo, både på Karl Johan og ved operaen. Mange indarar hadde fått med seg at stjernene var i Norge, og kom for å få med seg innspelinga.

Bollywood i Oslo

OSLO: Innspelinga gjekk føre seg ved kjende landemerke i hovudstaden i september. Sandra Solvi er lengst til høgre i bildet.

Foto: Lahari music/T content

Ho fortel at det vart forventa mykje av dansarane som var med.

– Dei stilte oss opp og lærte oss dansen der og då, så var det rett på innspeling. Det skjedde framfor publikum, så det vart ein del venting. Vi brukte nesten tretti timar på innspeling på tre dagar, seier Solvi.

Medan dansarane trente hardt for å lære seg trinna i dansestilen som var heilt ny for dei, tok dei indiske filmstjernene livet med ro.

– Dei kunne sitte på ein stol medan vi øvde i timevis. Så vart dei med på eit par innspelingar, så sette dei seg ned att, ler Solvi.

Sandra Solvi i Bollywood-film

KOSTYME: Den indiske danseforma er heilt annleis enn det dansarane er vande med frå Noreg, fortel Sandra Solvi. Dei måtte også skifte mellom mange ulike kostyme i opptaka.

Foto: Privat

Starta med «Dans utan grenser»

Når vi ringer Sandra Solvi i Oslo er ho på veg til Flow Academy, der ho studerer hiphop.

Dansen har vore viktig i livet hennar sidan ho starta i organisasjonen Dans utan grenser heime på Hafslo for ti år sidan. Så viktig at ho valde å satse på hobbyen som leveveg.

Indisk filmteam

STOR PRODUKSJON: mange folk er med å lage ein indisk Bollywood-produksjon. Sandra Solvi seier det var ein nyttig erfaring å oppleve korleis produksjonen går føre seg.

Foto: Elena Kristine Aspholm / Privat

– Eg vart forelska i dansen. Og eg klarte aldri å slutte, fortel Solvi.

No har Sandra Solvi utdanning frå Norges dansehøgskole i Oslo, og vil bruke pedagogikken frå utdanninga til å lære dans vidare til andre.

– Vi er fleire som starta i Dans utan grenser heime i Sogn og Fjordane som jobbar med dans i dag. Så eg håpar ungdommane kan sjå at det er mogleg, avsluttar Solvi.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.