Hopp til innhold

Frå kompis-idé til hjelpemiddel i Nav: – Ein stor siger

Rullestolbrukar Tord Are og kompisane fann på eit hjelpemiddel som gjorde at han slapp hjelp frå sjukepleiarar til dobesøk. No skal tonga «Dignum» hjelpe andre gjennom Nav.

Tord Are Meisterplass

KOMPISGJENG: Tord Are Meisterplass (midten) og kompisane Carl Christian Sole Semb (t.v.) og Klaus Klausen Espedal (t.h.) har utvikla hjelpemiddelet «Dignum».

Foto: PRIVAT

– Dette er ein stor siger. Motivasjonen var at andre skulle klare seg på same måte, seier Tord Are Meisterplass.

Det som starta som ein idé blant kompisar er no tilgjengeleg gjennom Nav. Hjelpemiddelet kan gjere rullestolbrukarar over heile landet i stand til å gå på do åleine.

22. mars 2015 tok livet ei brå vending for den aktive sogndølen. Den fløyelsmjuke snøen gav perfekt gli på skia den dagen, men i eit hopp gjekk det gale. Meisterplass trefte eit tre, og under han låg puddersnøen som kald betong.

– Ein ryggmergsskade gjorde at eg blei avhengig av rullestol og måtte ha hjelp frå sjukepleiarar til dobesøk, seier Meisterplass.

Meisterplass

TELTING: Tord Are Meisterplass fekk eit nytt liv etter at han og kompisane utvikla eit nytt hjelpemiddel.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Sogndølen følte at han hadde mista sjølvstendet. I ein samtale med kompisar kom tanken på eit hjelpemiddel kalla for «Dignum». Ei tong med kamera, lys og skjerm til dobesøk endra livet på nytt og erstatta hjelpa frå sjukepleiarane.

– Som ein gjeng med ingeniørar hadde vi kompetansen til å gjere det. No har det blitt til eit hjelpemiddel i Nav-systemet, og eit produkt som hjelper andre i same situasjon, seier Meisterplass.

Hjelpemiddelet skal blant anna gjere det enklare å sette avføringsmiddel utan hjelp frå andre.

Frå kompisidé til hjelpemiddel

Vegen frå ein kompisidé, og fram til eit hjelpemiddel i Nav-systemet, har vore lang.

– Det var krevjande å stake ut kursen og finne vegen inn i Nav. Vi brukte eit heilt år på å få innpass i systemet, seier sal- og marknadsføringssjef for «Dignum», Klaus Klausen Espedal.

Med Dignum i bagasjen har vennegjengen reist rundt til messer og til ulike hjelpemiddelsentralar for å vise fram tonga.

– Når vi får inn ei melding om at nokon treng produktet som vi har utvikla, så er det ei stadfesting på at det vi held på med er bra og at vi kan hjelpe andre, seier Espedal.

Dignum

DO: Hjelpemiddelet skal hjelpe menneske på do med å blant anna sette avføringsmiddel utan hjelp frå andre.

Foto: INDEPENDENCE GEAR

Telting i Europa

Tilbake i full jobb, padle Sognefjorden og reise på telttur i Europa. 30-åringen fekk livet tilbake ved å gjere eit problem om til ei løysing.

– Eg gjekk frå å ikkje kunne arbeide eller reise, til å leve eit liv som er veldig likt livet eg hadde før, seier Meisterplass.

Fleire prototypar seinare er håpet at kompisideen skal utgjere ein like stor forskjell for andre som for sogndølen. Meisterplass meiner fleire tusen menneske kan ha nytte av Dignum og at hjelpemiddelet kan spare Noreg for hundretals millionar.

– Det er viktig at dei som slit med det same, får vite at det finst hjelp og håp, seier han.

Dignum

TONG: Slik ser hjelpemiddelet «Dignum» ut.

Foto: JØRGEN EIDE / NRK