Hopp til innhold

Frå jaktbua «skaut» han 11 fartssyndarar

Det er ikkje hjorten patruljeleiar Einar Vereide siktar seg inn på frå den raude jaktbua ved E39 på Egge. Men det kan bli dyrt for dei som blir «trefte».

Det er ikkje berre fartssyndarar patruljeleiar Einar Vereide og hans 180 Up-kollegaer aksjonerer mot gjennom storaksjonen Speed Marathon.

SJÅ VIDEO: Det er ikkje berre fartssyndarane Utrykkingspolitiet følgjer med under aksjonsdøgnet «Speed Marathon». (FOTO: MARTIN TORSTVEIT/NRK)

I dag klokka 06 starta den europeiske råkøyraraksjonen «Speed Marathon». Fram til same klokkeslett fredag blir det gjennomført 65 fartskontrollar i dei ulike UP-distrikta.

Her i fylket tok UP-patruljen i Sunnfjord første etappe.

– For min del blir det som ein heilt vanleg dag på jobben, men eg trur farten er nok lågare ettersom det har vore godt annonsert. Førebels er det i alle fall relativt fin køyring. Eg har sett det verre på denne staden før, for å seie det slik, seier, seier patruljeleiar Einar Vereide.

Speed Marathon på Egge

JAMT OG TRUTT: Dei aller fleste bilistane held fin fart gjennom Våtedalen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

11 fekk førelegg

Vereide har rigga seg til med laser i ei lita raud jaktbu ved E39 på Egge i Gloppen. Det er i enden av Våtedalen, som munnar ut mot Jølster i andre enden. Dei aller fleste bilistane held seg innanfor fartsgrensa på 80 kilometer i timen.

Kåre Toreid

MEININGSFYLT: Kåre Toreid tykkjer kontrollaktiviteten er meiningsfull. – Dei fleste ser at det er del av ein større samanheng. I den andre enden ser ein færre drepne og hardt skadde, seier han.

Foto: Martin Torstveit / NRK

11 av dei ber derimot Vereide kollega Kåre Toreid om å stogge nokre hundre meter lenge framme. Høgste målte fart er 109 km/t. I ei 80-sone er det sju km/t frå førarkortbeslag.

– Dei fleste tek tilbodet om forenkla førelegg og er nøgde med det. Dei skjønar kvifor vi er her og at vi gjer jobben vår, seier Toreid.

Internasjonal aksjon

Laserkontroll på Egge

MÅLER: Patruljeleiar Einar Vereide siktar seg inn mot ein bil.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Maratonaksjonen «Speed Marathon» blir gjennomført i over 20 andre europeiske land i regi av Europeisk trafikkpolitisamarbeid (TISPOL). Føremålet er å førebygge og avdekke fartsoverskridingar for å redusere tal drepne og hardt skadde på norske vegar.

I fjor omkom fem personar på vegane i Sogn og Fjordane. Det er fem for mykje. Toreid håpar og trur at kontrollaksjonane har ein effekt.

– Ein må alltid tenkje seg om ein ekstra gang før ein set seg bak rattet, men ein får ei ekstra påminning om det er eit stort ansvar å køyre bil. Og det er heller ikkje noko menneskerett å ha førarkort, seier han.

Speed Marathon på Egge

STOGGAR: Dei fleste bilistar tek det fint når dei blir stogga av Kåre Toreid og kollegaene. – Dei som køyrer litt for fort får tilbod om forenkla førelegg om dei kvalifiserer for det. Er det veldig høg fart, så kvalifiserer det diverre til politimelding, seier han.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Aksjon i tillegg

Einar Vereide

FØLGJER MED: Frå vaktbua følgjer Einar Vereide trafikken på E39 forbi Egge. – Når ein opererer på Vestlandet, så må ein ta omsyn til vêret. Men det er eit poeng å vere litt synleg. Det har avskrekkande effekt, seier han.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Dei to Up-patruljane i fylket er ikkje dei einaste som følgjer trafikken med argusauge gjennom kontrolldøgnet.

Aksjonen kjem i tillegg til den ordinære kontrollverksemda.

– Samstundes set vi søkelys på at fart over fartsgrensa og/eller for høg fart etter forholda er ei av hovudårsakene til dødsulukker i trafikken. Politiet sine fartskontrollar er difor viktige for å redusere tal drepne og hardt skadde på norske vegar, seier UP-sjef Runar Karlsen.