Hopp til innhold

Fekk fritak frå nynorsk grunna dysleksi – no spelar han skodespel på nynorsk

FØRDE (NRK): Thomas Bipin Olsen lærte seg ikkje ordentleg nynorsk før han byrja på skodespelarutdanning som 28-åring. No står han på scena i nynorskteateret Sogn og Fjordane og snakkar klingande vestlandsdialekt.

Thomas Bipin Olsen på scena i teatersalen i Sogn og Fjordane teater

PÅ SCENA: Thomas Bipin Olsen og medskodespelarar øvar fram mot premiera på "Invasjon!"

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Ein heilt perfekt kveld! Vent, eg tek det om att.

Thomas Bipin Olsen finpussar på replikkane sine. Den etter kvart røynde skodespelaren er med i stykket Invasjon! på Sogn og Fjordane teater. Men det var ikkje alltid sjølvsagt at han skulle stå på scena som skodespelar med nynorsk som arbeidsspråk.

– Eg hadde faktisk fritak frå nynorsk på vidaregåande grunna dysleksi. Så eg lærte ikkje ordentlig nynorsk før eg byrja på skodespelarutdanning ved Det Multinorske i Oslo, fortel vestfoldingen.

Frå Vestfolding til Vestlending

Sjølv om læringskurva kunne blitt bratt for skodespelaren, tykkjer han det har gått veldig greitt.

– Eg har jo alltid høyrt mykje nynorsk på scena ettersom eg hadde vore mykje på Det Norske teateret. Det har nok hjelpt at eg på ein måte kjende til lyden av nynorsken.

Skodespelar Thomas Bipin Olsen

VESTFOLDING VART VESTLENDING: Thomas Bipin Olsen brukar vestnorsk dialekt på scena.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Etter han var ferdig utdanna skodespelar i 2015 har Olsen medverka i oppsetninger på Det Norske Teater i Oslo, Hordaland Teater og no står han på scena i Sogn og Fjordane. Det har ført til at han etter kvart har blitt vandt med å spele på fleire scenespråk enn berre nynorsk.

– Eg har mellom anna jobba med striledialekt. Det er spanande å bruke dialekt som skodespelar, eg synes det kan gjere det enklare å utvikle identiteten til karakteren eg skal spele.

Vonar å nå ungdommen

Teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Bodil Kvamme, er stolt over at teateret har skodespelarar som er dyktige til å bruke nynorsk og dialekt på scena.

– Den innsatsen som til dømes Thomas gjer er heilt strålande.

Kvamme vonar at eit nynorsk scenespråk som tek utgangspunkt i vestlandske dialekter kan lokke fleire lokale unge til teateret.

Bodil Kvamme på kontoret sitt på Sogn og Fjordane teater

NØGD: Teatersjef i Sogn og Fjordane teater, Bodil Kvamme, er nøgd med nynorsken sin plass i teateret.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

- Språk er identitet og identitet er språk. Så me vonar me kan nå fleire unge i Sogn og Fjordane når me set opp stykker som er skrive på nynorsk, og som har innslag av dialektene dei unge sjølve snakkar.

– Nynorsk er vakkert

Teatersjef Kvamme har òg god tru på at nynorsken si rolle i teateret vidare.

– Eg trur nynorsken si framtid ser bra ut, og eg håpar nynorsken får større og større plass. Nynorsk er jo eit vakkert språk som kan fortelje mykje på scena.

Sjølv om Thomas Bipin Olsen har brukt vestnorsk dialekt på scena i Hordaland og Sogn og Fjordane, er han òg glad i nynorsk i seg sjølv som scenespråk.

– Eg likar det. Spesielt som scenespråk til klassikarane. Det er noko poetisk over det.