NRK Meny
Normal

Frå fotball til legesenter

Knut Erik Folland er for dei fleste kjend som fotballtrenar. No skal han gjere noko heilt anna.

Knut Erik Folland

TIL HELSEVESENET: Knut Erik Folland blir einingsleiar for legesenteret og rehabilitering i Førde kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mannen frå Sande trente A-laget til Førde i fleire år, før han denne sesongen prøvde livet som langpendlar til Haugesund, der han trente 2. divisjonslaget Vard Haugesund. No blir han leiar for legesenteret og rehabilitering i Førde kommune.

– Det å forlate fotballen etter så mange år blir litt rart, men samstundes litt godt. Eg har halde på i ni år og vore lite til stades i heimen, seier Folland.

Og det at han var så lite til stades for familien sin var saman med avstanden frå Sunnfjord til Haugesund hovudgrunnen til at det vart med eitt år som trenar for Vard Haugesund. Det var på ingen måte fordi han ikkje trivdest med jobben.

– Det er eitt av dei artigaste åra eg har hatt som trenar. Det var ei veldig ung spelargruppe. Det er ein klubb som driv spelarutvikling på eit veldig høgt nivå, så eg har hatt eit veldig kjekt år jobbmessig.

Dårleg samvit

Men det tek sju timar å køyre frå Sande til Haugesund. Og fly var ikkje noko godt alternativ.

– Då måtte eg sitte og vente på Gardermoen ein halv dag, og det tok gjerne ni timar frå eg reiste heimefrå til eg var i Haugesund. Og det vart veldig lite tid heime. Jobben kravde mykje, eg hadde vel 20 døgn heime i 2015.

Det enda med at han hadde dårleg samvit for jobben når han var heime i to dagar, og i Haugesund hadde han dårleg samvit for dei heime. Sjølv om han kunne ha tenkt seg å fylgje laget eitt år til, fekk han seg ikkje til det.

Knut Erik Folland

HISTORIE: Knut Erik Folland, slik fotballfolk kjenner han. No har han søkt andre utfordringar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ei ny og stor utfordring

Dermed såg han seg om etter noko anna å gjere i livet. Han søkte på og fekk jobben som einingsleiar for legesenteret og rehabilitering i Førde kommune. Noko heilt nytt, og dermed ei utfordring av eit anna slag enn å få 11 fotballspelarar til å fungere saman.

– Innan fotballen har eg leia folk på eit felt der eg sjølv kanskje har vore den som har hatt mest kompetanse. No skal eg vere med og leie legar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og støttepersonell på legesenteret, folk som alle har høgre kompetanse enn meg på sine fagfelt. Det er ei ny erfaring og ei stor utfordring.

– Ser ikkje på meg sjølv som ein sjef

– Ja, korleis blir det å sette seg i respekt i ei slik gruppe?

– Eg trur ikkje det handlar om å sette seg i respekt. Som leiar meiner eg den viktigaste oppgåva er å syte for at dei ein jobbar saman med har gode føresetnader for å utføre sin jobb på ein skikkeleg måte.

– Respekt er ikkje noko du har, det er noko du får, og det handlar om korleis du behandlar folk. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein sjef, men som ein som skal vere med og tilrettelegge slik at dei tilsette kan gjere jobben sin på best mogeleg måte.

Folland har utdanning og bakgrunn frå helsevesenet og har jobba i alt fem år innan helse før han vart heiltids fotballtrenar.