Hopp til innhold

Frå Everest til Jostedalen

JOSTEDALEN (NRK): Til saman har dei fleire titals turar til toppen av Mount Everest. Men somrane brukar dei nepalske fjellførarane «på ferie» i den norske fjellheimen.

Tshering Pande Bhote på Nigardsbreen

HAKKAR KVAR DAG: Kvar dag må fjellførarane i Jostedalen Breførarlag sjå til ruta opp på Nigardsbreen. Denne dagen er det Tshering Pande Bhot (fremst) og Furtemba Sherpa som har fått jobben med å hakka nye trinn i isen, legga om ruta og passa på at stigebruene heng trygt før turistane kjem.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tshering Pande Bhote og kollega Furtemba Sherpa hakkar is på Nigardsbreen i Jostedalen for å klargjera ruta til dagens guida turar. Dei navigerer seg lett mellom sprekkane for å laga trinn i isen og passa på at stigebruene ligg trygt.

Det kan verka som tungt og farleg arbeid, der dei balanserer på kanten av djupe sprekker med hakkene sine. Men dette er barnemat samanlikna med det dei gjer til vanleg.

– Lett arbeid

– Dette er nesten som ferie. Resten av året er me i dei høge fjella, så det er fint å vera her i tre månader, seier Tshering Pande Bhote.

Til vanleg er han fjellførar på dei høgaste toppane i verda. Når han ikkje er på verdas tak, jobbar han som redningsmann om bord på eit helikopter i Himalaya. Om klatrarar blir sjuke, skadde eller døyr på verdas høgaste fjell eller andre fjell i området, er det han som hentar dei ned att.

Til samanlikning er Nigardsbrevatnet, som er der turane byrjar, 285 meter over havet. Toppen av Mount Everest er 8848 meter over havet.

Tshering Pande Bhote

«LETT ARBEID»: Tshering Pande Bhote tykkjer ikkje jobben i Jostedalen er særleg tung. Men å samanlikna ein jobb med å vera sherpa på Mount Everest, då blir kanskje det meste «lett arbeid».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– For å vera ærleg, så er dette veldig lett arbeid. Og så er det fint å ha rikeleg med oksygen, ler han.

På Everest-ekspedisjonar ber han både sitt eige og den har er sherpa for sitt utstyr. Ryggsekken blir mellom 20 og 30 kilo tung.

Helikopterredning på Mount Everest

Tshering Pande Bhote reddar ein klatrar på Mount Everest. (foto: Tshering Pande Bhote)

På veg til Mount Everest

På veg mot toppen av verda. (foto: Tshering Pande Bhote)

Mount Everest i mørket

(foto: Tshering Pande Bhote)

«Berre sju gonger»

Mount Everest

VERDAS HØGSTE: Mount Everest er verdas høgste fjell med sine 8848 meter over havet.

Foto: ScanStock

Han er tilbake i Jostedalen for fjortande sommar på rad som guide. I år er ni av guidane til Jostedalen Breførarlag frå Nepal. Åtte av dei har vore på Mount Everest.

Tshering blir nesten litt brydd når me spør om kor mange gonger han har vore på toppen av verda.

«Berre sju gonger», svarar han.

– Er sju gonger på verdas høgste fjell «berre»?

– Ja, rekorden er 24. Så...

Tshering Pande Bhote

LETT ARBEID: Tshering Pande Bhote gjer tilkomsten litt lettare for turistane som snart kjem. Det er litt forskjell frå å leia klatrarar i Himalaya til å ta med spanske bussturistar i dongeribukse på Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Var på norsk ekspedisjon

Klatresesongen på Mount Everest er stort sett i april og mai. No er det monsun i Nepal, og difor kan dei bruka sommaren på å guida på norske brear og fjell.

I 2004 vart Randi Skaug den første norske kvinna til å nå toppen av Mount Everest. Det vart starten på «Vesle Nepal» i Jostedalen.

– Etter det fekk me ein førespurnad om me hadde jobb til dei førarane ho hadde hatt med seg, fortel Steinar Bruheim. Han er sjefen til Tshering og dei andre, som dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Steinar Bruheim

BREFØRARSJEF: Steinar Bruheim er dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Etter kvart som åra gjekk vart eit par førarar til mange, og no er det ni nepalarar som har sommarjobb som førarar på Nigardsbreen og fjella i Jotunheimen.

Etter å ha hakka ferdig dagens rute, tek Tshering seg ein liten matbit. Om eit par timar skal han føra ei turistgruppe på breen. Kollega Furtemba gjer klar stegjern og ishakker til dei besøkande. Furtemba har vore på Everest fire gonger.

– Det er veldig fint å vera her. Det er enkelt og trygt, og god løn. På Everest må me ha litt meir erfarne klatrarar enn me kan ha her, smiler Furtemba.

Problemsesong i Himalaya

Årets sesong på Mount Everest har vore mykje diskutert, og mange meiner for mange har fått lov å gjera framstøyt mot toppen. Bilete syner at klatrarar står i lange køar for å nå toppen. Mange mistar livet medan dei ventar.

Tshering var ikkje på toppen dette året. I staden for klatra han på fleire av toppane rundt for å setta opp måleutstyr. Myndigheitene i Nepal vil nemleg måla høgda på fjellet på nytt , etter jordskjelvet i 2015 .

Mount Everest

KØ: Dette biletet er teke 22. mai og syner køen mot toppen.

Foto: Nirmal Purja / AFP