Hopp til innhold

Frå Eid til gull i skyting – på rulleski

Kommunen midt i Nordfjorden kan flagge med to nye idrettsheltar. Dei rulla begge over målestreken som noregsmeistrar.

Johan-Olav Botn

TOK LEIINGA: Johan-Olav Smørdal Botn gav jernet for å rulle inn som noregsmeister.

Foto: PRIVAT

– Det var eit tøft løp og ingenting var sikkert undervegs, så det var ei stor letting når eg tok gull. Eg har trent så lenge for dette, seier Magnus Skeide Bakke.

 Magnus Skeide Bakke

GULL MED EIN GONG: Som fyrstegongsdeltakar i fellesstarten var det stort då Magnus Skeide Bakke gjekk av med sigeren.

Foto: Elise Skeide Bakke

Det er aller fyrste gong guten frå Nordfjordeid deltek i noregsmeisterskapet i rulleskiskyting, men han karra seg til gullmedaljen. Tidlegare har han nemleg ikkje vore gamal nok til å delta. Trass i at han no er 16 år, fekk gå fellesstarten i klasse «Gut 17» i Steinkjer i helga.

Han går fyrste året på Noregs Toppidrettsgymnas i Geilo.

– Det viser at eg har noko her å gjere

Også 20-åringen Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim reiste heim med gullmedaljen. Han har frå tidlegare fleire pallplassar i juniorklassa, men fortel at han aldri har teke gull på denne måten før.

Johan-Olav Botn

PÅ VINNARPALLEN: Johan-Olav Smørdal Botn var godt nøgd med øvste plass på pallen.

Foto: PRIVAT

– Det er veldig stas, men det er nok meir ein stadfesting enn kor stort det er. Det viser at den tida eg legg ned er verdt det og at eg har noko her å gjere, seier Botn.

Han deltok i klassa «Menn 20 til 22» då han fekk gull i fellesstarten på rulleskiskyting.

Vart tidleg krøkt

– Det er dette eg brukar dagane på. Eg vil sjå kor langt eg når og til slutt leve av det, seier Botn.

Han starta med skiskyting då han var fem år. Og det har vorte mange timar med øving heime på Stårheim.

Nordfjordeid.

VINNARKOMMUNEN: Begge har vakse opp i Eid kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er stort sett heime heile sommaren og då blir det ganske mange mil totalt sett, seier han.

No er han på andre året i idrett på Høgskulen i Innlandet på Lillehammer.

Også Bakke starta med skiskyting allereie som seksåring. Han hadde sine førebilete i heimen.

– Idrettsglede er ein viktig del av det. Så dreiv søstrene mine med et også. Dei har vore store førebilete for meg. Eg tenkte «dette vil eg òg drive med», fortel Bakke.

Også for han er draumen er å leve av idretten.

Meir rettferdig

Rulleskiskyting blir kalla sommar-NM for skiskyttarane.

– Vi får utlevert same ski, så det er på ein måte meir rettferdig enn vinterskiskyting, seier Botn.

Han fortel at det no blir eit lite opphald før vintersesongen startar for fullt, og at prioriteringane er litt annleis.

– Viss det hadde vore vinter-NM, hadde eg brukt dagane på å slappe og bli klar, men folk legg litt mindre prestisje rulleskyting, så no skal eg berre prøve å halde treningstrøkket oppe.