NRK Meny
Normal

Han har gått frå botnslitar til medaljegrossist og landslagsspelar på eitt år

Medan dei gamle lagkameratane i Sogndal kjempar for å halde seg i eliteserien, kan Per Egil Flo juble over seriegull og landslagsplass.

Per Egil Flo

NY KVARDAG: Frå ein kamp om tilveret med Sogndal, kjempar no Per Egil Flo om pokalar med Molde. Her frå 2-0 sigeren mot Rosenborg på Lerkendal, klubben Molde i år håpar å ta poengrekorden frå i eliteserien.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Gullet vart sikra med 2-1 siger på bortebane mot Viking i helga. Sjølv med fire serierundar igjen, er det ingen som kan ta att forspranget Molde no har skaffa seg.

– Det var godt å få det unnagjort såpass tidleg som vi gjorde. No kan vi ha fokus på cupkampen, seier Per Egil Flo og siktar til NM-finalen som skal spelast 23. november.

Frå botnslitar til medaljegrossist

I fjor sommar gjekk Flo frå Sogndal til Molde. Med det vart òg fotballkvardagen snudd på hovudet for stryningen. Nedrykkskamp eller opprykkskamp er ikkje lenger dei einaste alternativa når hausten kjem.

Klubbytet gav gull i cupen allereie det første året. I år kan altså Flo hengje ein ny gullmedalje (eller to) i skåpet.

Slikt må sjølvsagt feirast, eller?

– Vi feira det vel slik som alle andre feirar seriegull: ein liten fest etterpå der vi blir teke imot av supporterane. Ein fin kveld, seier han.

Moldes Per-Egil Flo

INGEN GULLRUS: Flo seier Molde på ingen måte vil ta lett på avslutninga av årets eliteserie, sjølv om at gullet allereie er sikra.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det var vel litt meir spetakkel, enn som så?

– Det blir no litt av kvart som skjer. Men det høyrer med.

Med gullet allereie avgjort fryktar enkelte at Molde vil ta det roleg i innspurten. Det avviser Flo.

– Vi har ein poengrekord innan rekkevidde. Vi vil ta den òg, seier han.

For så suverene er Molde i år at dei må ta fram rekordtavlene for å styrke motivasjonen. Med fire kampar igjen har Molde 65 poeng. Rekorden i eliteserien er på 69 poeng og høyrer til Rosenborg.

Satsar på å spele landskampane

Med storspel i Molde har Flo for alvor blitt ein kandidat til venstrebacken på landslaget. Debuten fekk han i privatlandskampen mot Emiratane i slutten av august.

Innsatsen der vart lønna med ein plass i startoppstillinga då Norge tok imot Italia til den første kampen i EM-kvalifiseringa 9. september.

Om få dagar får Flo sjansen igjen når Norge skal møte Malta og Bulgaria. Etter tapet mot Italia, forventar ein heil nasjon poeng.

– Det blir spesielt. Det er kvalifisering og masse som står på spel. Det er noko eg ser fram til, seier Flo, som satsar på fornya tillit på venstrebacken.

– Eg har sjølvsagt lyst til å spele. Men eg må prestere på trening og overtyde trenaren om at eg fortener ein plass på laget, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

EM-kvalifisering

MED FLAGGET PÅ BRYSTET: Per Egil Flo (i raudt til venstre) har blitt ein heit kandidat for landslaget etter overgangen til Molde. Her frå oppgjeret mot Italia 9. september.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Føler med kompisane

I gamleklubben Sogndal har dei heilt andre utfordringar. Rett nok har laget ein eigen personleg rekord å strekke seg etter. Bergar dei plassen er det første gong Sogndal har halde seg fire sesongar på rad i eliteserien.

Men førebels er dei på kvalifiseringsplass og laget slit med å skaffe poeng. Per Egil Flo føler med sine gamle lagkameratar.

– Eg har vore med på det tidlegare sjølv med Sogndal, og det er sjølvsagt ikkje ein artig posisjon å vere i. Men det er nok kampar att til at dei skal klare seg, og det trur eg dei gjer, seier han.

– Kva er det viktigaste for deg: at Sogndal bergar plassen, eller at Molde set ny poengrekord?

– Hehe... Eg håpar jo at begge deler skjer. Men det einaste eg kan gjere noko med er Molde. Å berge plassen er noko Sogndal må fikse sjølve, seier han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.