Hopp til innhold

Frå Austlandet til vinterferie i Sogn

I store delar av landet er det vinterferie denne veka. Det betyr at mange av skianlegga her i fylket har besøk frå skiglade menneske.

vinterferie i Sogn Skisenter

BOLTRA SEG I BAKKEN: Frå v. Eirik Vassli, Kasper Andreas Nesland og Petter Haukeli Arntsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det gjeld mellom anna Sogn Skisenter på Heggmyrane på Hafslo. Der var det fint vêr utpå onsdagen. Driftsleiar Runar Tørvi var godt nøgd.

– Det er ein kjempefin dag, i dag og. Det starta litt dårleg, og det er vel grunnen til at det er litt færre her i dag enn det har vore dei andre dagane i veka og i forrige veke. Då var det veldig mykje folk her.

Store delar av drifta til Sogn Skisenter er basert på dugnad. Tørvi har ei liste på 30 personar som er med og hjelper til gjennom vinteren.

Runar Tørvi

FÅR FERIEGJESTER FRÅ AUSTLANDET: Driftsleiar Runar Tørvi på Sogn Skisenter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Folk kjem «heimatt» til Luster

Tørvi meiner dei har ein fin kombinasjon av tilbod, og særleg barnetrekket meiner han er svært bra.

– Eg har til dags dato ikkje sett eit betre område for dei yngste.

Sjølv om det er mange tilbod på skistader på vegen frå Oslo til Sogn, så kjem det ein god del frå Austlandet til Hafslo i vinterferien, seier Tørvi.

– Det er stort sett folk som er «heimatt» på ferie. Det er mange lustringar som bur på Austlandet. I tillegg er det mange danskar som arbeider i helsestellet i området, og desse får besøk av andre danskar i vinterferien.

Mellom dei som brukar delar av vinterferien sin i Sogn Skisenter er 12 år gamle Eirik Vassli frå Tingvoll på Nordmøre.

– Eg er på ferie hos morfar. Og eg har gledd meg ei stund til å stå på ski her.

På hjelmen har han eit go-pro-kamera.

– Det toler nesten alt, det toler vatn og snø, så det er perfekt for slalåmkøyring.

Eirik fortel at han har vore til topps, og at han har det kjekt.

– Forholda er heilt supre, det er akkurat passe mjukt.

– Mykje betre enn i Asker

Petter Haukeli Arntsen kjem frå Asker og rosar tilhøva på Sogn Skisenter.

– Det er mykje betre enn i Asker. Vi har køyrt litt i den svarte løypa, men mest i skogsløypa, og litt utanfor løypene.

13 år gamle Petter er med den jamngamle kompisen Kasper Andreas Nesland, som er ein veteran i bakken.

– Eg har vore på vinterferie her sidan eg var liten fordi vi har familie her. Det er eigentleg berre bonus at det er bakke her.

Faren hans, Kjetil Andreas Nesland, lovprisar tilhøva på Heggmyrane.

– Det er kjempebra, det er bra føre kvart år, det er gode bakkar og god drift, så vi er kjempenøgde. Hit kjem vi kvart år.