NRK Meny
Normal

Frå 2018 vert det også elektrisk ferje her

Fjord1 fekk i dag ferjeløyvet på E39 Anda-Lote frå 2018–2027. Aldri før har Statens vegvesen stilt så strenge miljøkrav.

Ferja Lifjord til på Lote

SLUTT: Frå 2018 vert det ingen dieselferjer som trafikkerer Ande-Lote.

Foto: Øystein Torheim

– Fjord1 er valde fordi dei leverte det økonomisk mest fordelaktige tilbodet i høve dei kriteria som vart sette opp i anbodskonkurransen, seier Anders Sæternes, fagkoordinator for ferjer i Statens vegvesen region Vest.

For då strekninga vart lagt ut på anbod, stilte Statens vegvesen langt strengare miljøkrav enn dei før har gjort. Dette er første ordinære konkurranse i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

Fjord1 leverte eit tilbod som låg 300 og 600 millionar under tilboda frå Norled og Boreal.

– Det er vi godt nøgde med, seier Sæternes.

Miljøkrava talde 20 prosent

At spriket er så stort, trur han har ulike årsaker.

– Det er nok også litt ulike tankar på risiko og korleis dei skal prise denne når det gjeld ny teknologi, seier Sæternes.

Han er klar på at pris talde 80 prosent og miljøkriteriet 20 prosent.

– Det vart stilt krav om at ei ferje skulle vere heilelektrisk og ferje nummer to kunne dei tilby anten elektrisk, med biodiesel eller biogass, eller ei blanding av desse, seier Sæternes.

Norled har hatt problem med si batteridrivne ferje Ampere på E39-sambandet Lavik-Oppedal. Men Vegvesenet er ikkje uroa av den grunn.

– Ampere var banebrytande då ho kom. Men utviklinga har gått ganske raskt. Ampere var eit utviklingsprosjekt. Her er det stilt litt andre krav. Vi har god tru på at dette skal bli eit godt tilbod, seier Sæternes.

Auka frekvens og tilbod

Det er Fjord1 som har strekninga Anda-Lote i dag. Men når det nye anbodet tek til i 2017 vil det også gje dei reisande eit betre tilbod.

– Det er lagt inn monaleg auke i ruteproduksjonen. I dag går det ei ferje i halvtimen. No vert det to ferjer på sambandet som skal gå i 20-minuttars frekvens frå i 07-tida på morgonen til 20-tida på kvelden, seier Sæternes.

Det blir også ein auke i frekvens på kveld- og nattetid, noko som gir ein auke på 15 turar i døgnet på vanlege vekedagar.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er svært nøgd med miljøkrava som er stilte.

– Eg er særleg glad for at Fjord1 har vunne anbodet med nye, store ferjer med null- og lågutsleppsteknologi. Dette vil vere eit stort framsteg for både trafikantane og klimaet, seier Venstre-ordføraren.