Hopp til innhold

Gjer storsuksess med etikettar - frå 200.000 til 12,5 millionar kroner

Etikettebedrifta Digital Etikett i Gaupne kan skilte med ein omsetnadsvekst få andre kan nærme seg. På berre fem år har dei gått frå 200.000 kroner til 12,5 millionar kroner i året.

Digital etikett

STOR SUKSESS: Kjetil Hovland og Øyvin Tørvi i Digital Etikett kan gle seg stort over suksessen. Etikettebedrifta gjer det så bra at dei no vil inn i nye lokale.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det skal godt gjerast om du ikkje har ei matvare eller eit anna produkt i hus som har ein etikett trykt i Gaupne på seg. Syltetøy, selolje og impregneringsolje er berre tre eksempel på produkt med etikett frå den vesle bedrifta i Sogn.

Digital Etikett vart nyleg utropt til gasellebedrift av Dagens Næringsliv. No går det så godt at dei vil inn i nye lokale.

– Det er byrja bli trongt her, så vi er på jakt etter nye lokale, seier grafikar Kjetil Hovland.

Frå 200.000 til 12,5 millionar kroner

Då NRK møter han er i han i full gang med ei ny ladning med syltetøyetikettar til Lerum. Skrivaren i lokala til Digital Etikett i Gaupne jobbar for fullt.

– Denne spyr ut etikettar, og i og med at det er digitalt kan vi gjere fortløpande forandringar slik du gjer på skjermen din heime, fortel Hovland.

Det har no gått litt over fem år sidan Hovland omsette ideane sine til handling. På den tida har omsetnaden auka frå 200.000 kroner til 12,5 millionar kroner, og bedrifta gir no arbeid til seks mann.

Det som byrja med eit driftsresultat på 369.000 kroner i minus i 2007, var i 2011 oppe i 963.000 kroner i pluss.

Har blitt store på dei små ordrane

Hovland hadde sterk tru på at det var plass til ei lita bedrift slik han tenkte seg det. Han seier han kjende bransjen inn og ut, både i forhold til dei som produserte etikettar og det meste annan innan trykk.

– Eg såg at dei ikkje likte å få små ordrar. Når dei stilte inn maskinene ville dei køyre store mengder.

– Eg tenkte at det er iallfall ein marknad her for alle småskalaprodusentane, seier han og seier også dei store har byrja produsere i mindre seriar.

Trua på satsinga var så sterk at Hovland selde hus og bil i Oslo og starta opp det som har vist seg å vere eit svært omstillingsdyktig etikettrykkeri heime i Gaupne.

– Vi er veldig fleksible, seier han og forklarar at han på berre nokre minutt kan stogge produksjonen av ein etikett og byte over til ein annan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Digital Etikett

ETIKETTAR: Det er slik etikettar firmaet i Gaupne har slege seg opp med å produsere.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Svært imponerande

Nokre hundre meter unna sit næringssjefen i Luster, Olav Grov. Han kan glise frå øyre til øyre og ser at bedrifta han hjelpte i gang for nokre år sidan no har fått status som gasellebedrift.

Det vil seie at dei har dobla omsetnaden sin i løpet av fire år. Faktisk har Digital Etikk auka omsetnaden 60 gongar sidan starten.

– Det er svært imponerande.

– Dei starta opp heilt frå botnen av og har no utvikla seg på teknologisida og får stadig nye interessante kundar, seier næringssjefen.

Har trua på framtida

Og slik bransjen utviklar seg no, er det lite som tyder på at det skal stoppa opp for Digital Etikett. For medan dei først jobba mot dei små produsentane, ser dei no at dei verkeleg store har kome dei i møte.

– Då vi jobba med Idun Ketchup til dømes, så hadde dei ein raud ketchup på 14 millionar flasker i året. No har dei 24 millionar flasker, men det er delt opp i mange forskjellige typar, seier Hovland og viser til at det altså blir fleire produsentar som treng etikettar i mindre seriar.

I lokala på Gaupne er det no byrja å bli så fullt at Hovland og dei andre ser seg om etter andre lokale.

– Målet er å utvide med fleire og meir effektive maskiner, for no har vi ikkje plass til meir her, seier han.