NRK Meny

Fotopris til Gloppen-fotograf

Andreas Eikeseth Nygjerd i Eikeseth Nygjerd Fotografi AS på Sandane gjekk i helga til topps i Norges Fotografforbunds «Landskonkurranse» i Stavanger. Nygjerd sitt portrett av Sunnfjord-kunstnaren Rune Furelid (biletet) fekk 97 av 100 moglege poeng og gullmedalje. Fotografen fekk også ros for sine portrett av musikarane Gro Marie Svidal og Bugge Wesseltoft.

Rune Furelid
Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi AS