Hopp til innhold

Fotoboksane har kravd inn 313 førarkort og 37 mill. i bøter

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei siste sju åra har 14.600 bilførarar punga ut til saman 37 millionar kroner etter møte med fotoboksane i Sogn og Fjordane.

313 personar har måtte ta beina fatt etter å ha mista lappen i automatisk trafikkontroll (ATK).

Det viser tal NRK har samla inn frå Politiets ATK-senter.

Dei fire tunnelane som er ustyrte med fotoboksar i Sogn og Fjordane har gitt gode inntekter til statskassa. Men trenden er klar, viser statistikken. Etter kvart som åra har gått, ser det ut til at bilistane har blitt vande med overvakingsutstyret som heng fastbolta i tunnelveggane.

Mens 92 førarkort vart kverrsette i 2004. I 2009 vart talet 28, trass i at fleire vart tekne under førarkortgrensa. Per oktober i år var det tatt 21 førarkort.

Når det gjeld forenkla førelegg var 2004 det desiderte toppåret. 3494 personar punga ut med 8,7 millionar kroner i bøter. Sidan har talet gått gradvis nedover.

Automatisk trafikkontroll i Sogn og Fjordane

År

Melde

Kontrollerte

Vedtekne

Førarkort

Bøter kr.

Sum

697

24186

14644

313

37.436.400

2004

124

1679

922

96

2.976.300

2005

91

3302

2286

48

6.290.100

2006

142

4331

3214

40

7.861.500

2007

166

4905

3494

52

8.743.700

2008

80

3837

1910

28

4.786.000

2009

63

3167

1711

28

4.127.100

2010*

31

2965

1107

21

2.651.700

Kjelde: Politiet. *Tala for 2010 gjeld til og med 8. oktober.

NB. Tal driftstimar, kor lenge det er kamera i boksane, varierer frå år til og frå tunnel til tunnel.

De ti verste fotoboksavsløringene i Sogn og Fjordane politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

E16 Lærdalstunnelen

193

80

113

Mann

20

E16 Lærdalstunnelen

190

80

110

Mann

25

E16 Lærdalstunnelen

151

80

71

Mann

20

Naustdal

143

80

63

Mann

36

E16 Lærdalstunnelen

135

80

55

Mann

23

Rv 5 Fodnes

135

80

55

Mann

31

E16 Gudvangen

134

80

54

Kvinne

18

E16 Lærdalstunnelen

132

80

52

Mann

27

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

31

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

21

Ekspander/minimer faktaboks
Video Mange fartsoverskridingar trass i fotoboksar

SJÅ TV-REPORTASJE: Mange køyrer svinaktig fort, trass fotoboksar.