Hopp til innhold

Fotoboksane er meir av enn på

Kvar fotoboks er i drift 51 dagar i året i gjennomsnitt.

Tatt i fotoboks i 190 km/t i Bømlafjordtunnelen

ER OFTAST AV: Fotoboksane i Sogn og Fjordane er meir av enn på. Illustrasjonsfoto.

Foto: Politiet

Dei 15 fotoboksane i fylket har til saman 18 355 driftstimar i gjennomsnitt i løpet av året. Det syner tal frå politiet som NRK.no har fått tilgang til.

Ei matematisk utrekning viser at det dermed berre er to fotoboksar i drift til ei kvar tid.

– Vi har ikkje ressursar til å ha alle fotoboksane på til ei kvar tid. Det blir for mykje arbeid, seier Kjell Arne Hestad ved politiets ATK-sentral til NRK.no.

Dermed er det mange som slepp unna blitsen.

Har ikkje kapasitet

I Sogn og Fjordane er det automtisk trafikkontroll (ATK) i fire tunnelar, men dei er av langt oftare enn dei er på.

Politiførstebetjent Johnny Jansen seier dei ikkje har kapasitet til å ha fotoboksane på heile tida. Han er trafikkoordinator ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Ei av forklaringane er at vi har mykje arbeid, og det kan bli veldig mange fleire saker dersom dei er på heile tida, seier Jansen.

I 2009 var dei 15 fotoboksane i Sogn og Fjordane på i totalt 17 583 timar, nesten tusen timar mindre enn i år.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi klarar ikkje ta unna alt

Hittil i år er over 3700 bilførarar tekne i fotoboksar i fylket. Inspektør i Statens vegvesen, Sissel Thune Nondal, seier dei ikkje har moglegheit til å ta hand om alle sakene.

– Hovudårsaka til at dei er så mykje av er at vi ikkje har kapasitet. Men det er også strenge krav til fotoboksane og dei skal vere sertifisert til ei kvar tid, seier Thune Nondal.

Det er Statens vegvesen som har ansvar for fotoboksane, og det er dei som behandlar dei før dei blir sendt vidare til politiet.

– Vi har rett og slett ikkje kapasitet til å ta unna alt, seier Thune Nondal.

– Ingen veit når dei er på

Thune Nondal seier fotoboksane er viktige for trafikktryggleiken, og at dei har stor effekt langs norske vegar.

– Folk veit ikkje når dei er på eller av, så dei må uansett tilpasse farta. Det er svært viktig med fotoboksar, spesielt i tunnelar, for der er det stor fare for omfattande ulykker, seier Thune Nondal.

Tal driftstimar, kor lenge det er kamera i boksane, varierer frå år til og frå tunnel til tunnel.

Automatisk trafikkontroll i Sogn og Fjordane

År

Melde

Kontrollerte

Vedtekne

Førarkort

Bøter kr.

Sum

697

24186

14644

313

37.436.400

2004

124

1679

922

96

2.976.300

2005

91

3302

2286

48

6.290.100

2006

142

4331

3214

40

7.861.500

2007

166

4905

3494

52

8.743.700

2008

80

3837

1910

28

4.786.000

2009

63

3167

1711

28

4.127.100

2010*

31

2965

1107

21

2.651.700

Kjelde: Politiet. *Tala for 2010 gjeld til og med 8. oktober.

Video Mange fartsoverskridingar trass i fotoboksar

SJÅ TV-REPORTASJE: Mange køyrer svinaktig fort, trass fotoboksar.

De ti verste fotoboksavsløringene i Sogn og Fjordane politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

E16 Lærdalstunnelen

193

80

113

Mann

20

E16 Lærdalstunnelen

190

80

110

Mann

25

E16 Lærdalstunnelen

151

80

71

Mann

20

Naustdal

143

80

63

Mann

36

E16 Lærdalstunnelen

135

80

55

Mann

23

Rv 5 Fodnes

135

80

55

Mann

31

E16 Gudvangen

134

80

54

Kvinne

18

E16 Lærdalstunnelen

132

80

52

Mann

27

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

31

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

21

Ekspander/minimer faktaboks