Hopp til innhold

Fotgjengar til sjukehus etter påkøyrsle

Ein fotgjengar er sendt til sjukehus i Førde etter ei påkøyrsle ved Markegata 19 i Florø sentrum.

Påkøyrsle i Florø

PÅKØYRSLE: Ein person er skadd i påkøyrsla i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk melding om påkøyrsla like før klokka 20. Naudetatane rykte ut. Politiet opplyser at ulukka skjedde på ein stad der det tidlegare har vore fotgjengarfelt. Dette feltet skal i følgje politiet vere no slipt vekk.

Det er førebels uvisst kor skadd fotgjengaren er. Vedkommande vart frakta til sjukehus i Førde med ambulanse.

Politiet opplyser at dei førebels ikkje har teke beslag i førarkortet til bilføraren, men legg til at dette er noko dei ser på i samband med etterforskinga.