Hopp til innhold

Fotgjengar påkøyrd i gangfelt

Ein 16 år gamal gut vart i morgontimane påkøyrd i eit gangfelt på Nordfjordeid.

Påkøyrsel i Eid

KØYRDE PÅ FOTGJENGAR: Ein mann vart i dag tidleg påkøyrd i dette fotgjengarfeltet i Nordfjordeid sentrum.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vedkommande er sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, men skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

Det seier Trond Hatlenes som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Like før klokka 11 opplyser AMK ved Førde sentralsjukehus at guten er lettare skadd og er overført til vanleg sengepost.

Ulykka skjedde i sentrum på E39 på Nordfjordeid like ved Sparebanken Vest. Ein mann i 60-åra har fått førarkortet mellombels kverrsett etter hendinga.

Saka vert følgt opp av Eid lensmannskontor.

Påkøyrsel i Eid