Hopp til innhold

Fotgjengar påkøyrd i Førde

Ein fotgjengar blei påkøyrd i Førde sentrum laurdag ettermiddag. Ifølgje politiet var to bilar involvert i ulukka, og eit førarkort er kverrsett. Skadeomfanget er uvisst, men politiet opplyser at det ikkje skal vere snakk om alvorlege skader. Trafikken blei dirigert manuelt forbi ulukkesstaden.

Fotgjengar påkøyrd i Førde
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK