Kvinne funne medvitslaus i skråning – frakta til sjukehus med alvorlege skadar

Ei kvinne i 60-åra blei frakta til sjukehus etter at ho vart funne bevisstlaus i ei skråning ved fylkesveg 57 i Gaular.

Ulukke Gaular

FYLKESVEG 57: Ulukka skjedde på fylkesveg 57 mellom Dale i Fjaler og Bygstad i Gaular.

Foto: Elise Kvien / NRK

Ulukka skjedde på fylkesveg 57 mellom Dale og Bygstad. Kvinna skal vera alvorleg skadd og blei frakta til med luftambulanse til Førde sjukehus, der ho blei operert, melder politiet.

I går kveld opplyste Helse Førde at tilstanden hennar er stabil, og at ho har moderate til alvorlege skadar.

Kvinna blei funne i ei skråning ved vegen.

– Ho var bevisstlaus då ho vart funnen, men kom etter kvart til bevisstheit, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen i Vest politidistrikt.

Vel kl. 17 fortel han at politiet har gjort avhøyr av føraren av ein bil dei trur er knytt til uhellet. Omstenda rundt hendinga er usikre, men det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand. Føraren har fått førarkortet beslaglagt.

Trafikkulukke Gaular

ETTERFORSKAR SAKA: Politiet vil no etterforske saka vidare.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Føraren kan ikkje gjere greie for å ha køyrt på kvinna. Føraren kan ha treft autovernet, som igjen kan ha losna og treft kvinna, men ho kan også ha vorte påkøyrt, seier Dahl-Mikkelsen.

Føraren har ikkje kome fysisk til skade. Han blir teken hand om av familien, opplyser politiet.

Dei vil no etterforske saka vidare. Også bilen vil bli undersøkt, fortel operasjonsleiaren.

Innsatsleiar Kai Henning Myklebust var på staden etter at ulukke hende.

– Førebels har vi gjort åstadgranskingar og teke ein del vitneavhøyr. Vi har også vore i kontakt med ulukkesgruppa og krimteknikar, seier han.

Det er ikkje klart om det var vitne til ulukka.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Ulukka skjedde på fylkesveg 57 mellom Dale i Fjaler og Bygstad i Gaular.