Hopp til innhold

«Gutane er heilt kling i knollen»

SOGNDAL (NRK): Den store fotballturneringa Bendit Cup i helga betyr ein halv millionar kroner i omsetjing for Sogndal Fotball. Men for jentene frå Breimsbygda IL, er cup mykje meir enn fotball.

Breimsbygda IL

GODE VENNINNER: Jentelaget til Breimsbygda IL klare til overnatta under Bendit Cup i Sogndal. Liggjande: Sandra Reed. Framme (f.v.): Maria Hetle, Marthea Felde, Emma Fløtre, Natalie Seime, Kaisa Hole og Guro Johanne Hole Hervik. Bak (f.v.): Sanne Petrine Førde, Sandra Gimmestad Støyva og Elin Støyva Torheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

11 og 12 år gamle jenter frå Breim står i eit klasserom på Fosshaugane Campus. Dei syng og dansar til Sandra Lyng Haugens "Play My Drum":

– Det er morosamt. Me går rundt i gangane og tullar, og så fer me ned på bana og spelar fotball, fortel Marthea Felde.

– Det kjekke er å vera saman med venene

Marthea og dei 20 andre jentene frå Breimsbygda er på Bendit Cup i Sogndal, i lag med 1100 andre unge gutar og jenter.

For venninnegjengen er det ikkje berre fotballen som er viktig. Spesielt ikkje når ein skal overnatta på eit klasserom, og det ligg barnslege gutar på naborommet.

– Dei er heilt kling i knollen, ler Emma Fløtre.

Rundt Emma på golvet ligg luftmadrassar, soveposar, fotballsko og leggbeskyttarar. Breimsbygda har vunne to kampar og tapt éin denne laurdagen, men for Emma er noko viktigare enn resultata:

– Det å vera i lag med laget sitt og alle dei gode venene.

Geir-Inge Heggestad

GODT NØGD: Utan innsatsen til dei 200 frivillige hadde ikkje fotballturneringa gått så smertefritt, seier Geir-Inge Heggestad, arrangementssjef i Sogndal Fotball.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

200 frivillige

– Det er skikkeleg kjekt å sjå at ungane trivst. Spesielt for dei 200 som overnattar er turneringa ei oppleving dei seint vil gløyma, seier arrangementssjef Geir-Inge Heggestad i Sogndal Fotball:

– Turneringa har gått over all forventning utan store skader. Arrangementet hadde ikkje gått så smertefritt utan innsatsen frå dei 200 frivillige, som står for mellom anna matlaging, servering og dømming.

Viktige inntekter

Bendit Cup betyr òg kroner i Sogndal Fotball si klubbkasse.

– Me har ei omsetjing på om lag ein halv million kroner.

Det inneber éin god spelar ekstra i eliteserien neste år?

– Ja, ein kan kopla det opp mot det. For oss er både Lerum Cup og Bendit Cup viktig inntektskjelder, seier Heggestad.

Mats Årebru, Jotun IL

UNG ÅRDØL: Mats Årebru på Jotun IL sitt gutar 2008-lag var berre ein av 1100 gutar og jenter frå heile fylket som var med på Bendit Cup i Sogndal i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bursdag på turneringa

Lagt vekke frå eliteseriefotball og pengeprat, sit Guro Johanne Hole Hervik frå Breimsbygda på madrassen si inni på klasserommet på Fosshaugane Campus.

Ho ser glad ut, for akkurat denne kveld fyller Guro Johanne 11 år, og no kan ho kosa seg med noko dei andre ikkje har.

– Det er godteri frå ein god ven frå Førde, fortel Guro Johanne.

Ho tykkjer det er heilt greitt å feira fødselsdagen sin på fotballturnering.

– Det er ganske kjekt. I går feira eg barnebursdagen med tjue gjester. Og så har eg fått presangar frå mamma, pappa og systera mi.

Brått er venninnene til Guro Johanne tilbake i rommet med musikken. Guro Johanne går bort til dei og blir med på songen dei plar syngja når dei vinn kampar, eit passande heiarop når ein er på turnering nettopp i Sogndal:

Stao no pao superlag frå Breim. Det er ingen andre som er lika god.
Stao no pao superlag frå Breim. Det er ingen andre som kan slao oss no.