Hopp til innhold

Fotballspelar stakk av - igjen

Trass i at han fleire gonger har stukke av til Frankrike utan varsel, kan Barry Kader likevel ha ei framtid i Sogndal.

Barry Kader
Foto: Arve Uglum / NRK

Dagleg leiar Yngve Hallen seier dei avventar situasjonen til spelaren frå Elfenbeinskysten kjem heim etter den siste tjuvpermen. Det blir kanskje alt før helga.

- Vi får ta ein prat med han for å høyre bakgrunnen for at dette har skjedd. Dette er ei personalsak som vi først og fremst må diskutere med han.

Ledig plass i bussen

Då Sogndal-troppen møtte opp før avreise til cupkampen mot Smørås søndag, var det ein ledig plass i bussen. 24 år gamle Barry Kader var i staden i Frankrike.

- Det som gjer at vi uttalar oss i denne saka er at det er så openbart at han vart vekke rett før ein kamp der han var i troppen. Då må vi berre stadfeste av Kader har teke seg ein permisjon han ikkje hadde fått løyve til. Men vi har hatt kontakt med han etter at han reiste.

Forsvann før seriestart

Det er heller ikkje første gongen noko liknande skjer. Også like før seriestart forsvann han til Frankrike, og kom heim og forklarte seg med at han hadde besøkt ei sjuk tante. Trass i at han har spelt for Sogndal i fire år vart dei store språkvanskane godtekne som forklaring den gongen.

- Vi kan ikkje leve med at arbeidstakarar blir vekke frå jobb. Når dette har skjedd før, så har det vore i periodar der han har vore sjukemeld og under behandling. Det er litt meir spesielt at han blir vekke no.

Prøvespel for fransk klubb?

Då NRK intervjua Kader før sesongen, gjorde han det klart at Sogndal på ingen måte skulle vera endestasjonen i karrieren hans. Det er mange motstridande opplysningar rundt Kader sitt forsvinningsnummer. Men mykje tyder på at agenten, eller ein av agentane hans, har førespegla han eit prøvespel i den franske klubben Brest. Men ovanfor Hallén nektar klubben for at dei har sett noko til, eller i det heile teke har høyrt om Barry Kader.

- Han har ikkje lov å prøvespele for andre utan løyve frå oss så lenge han har kontrakt med oss. Det må alle forhalde seg til.

- Useriøse folk

Kader har vore representert av fleire afrikanske agentar gjennom tida i Sogndal. Akkurat no er det fleire personar som seier dei er agenten hans, og desse har gitt Sogndal motstridande meldingar om kva Kader gjer no og kva han skal gjera vidare.

Kommunikasjonen med Sogndal Fotball kan tyda på at han kan koma tilbake alt før helga, men det er nokså tydeleg at Sogndal ikkje tek alt dei høyrer for god fisk.

- Det finns useriøse folk i denne bransjen på grunn av at det er mykje pengar involvert.

Verdifull fotballspelar

Midt oppi alt er det ei kjennsgjerning at den fotrappe afrikanaren har eit stort potensiale som fotballspelar, kanskje det største i heile Sogndal-troppen. Det gjer han verdifull - både på bana og som salsobjekt. Dermed vil ikkje Hallén avskriva at han på ny blir å sjå i svart og kvitt på Fosshaugane.

- Det tek vi etterpå. Dette er først og fremst ein personalsak mellom klubben og han.