NRK Meny
Normal

Fotballpresidenten: – Sogndal gir håp til dei små

Fotballpresident Yngve Hallen trur mange let seg inspirere over suksessen Sogndal greier å skape år etter år.

Hallen

FØLGJER MED: Før han vart fotballpresident, var Yngve Hallén dagleg leiar i Sogndal. Framleis følgjer han klubben tett.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Søndag sikra Sogndal sitt åttande opprykk til det øvste nivået i norsk fotball. Igjen kan Sogndal kalle seg verdas einaste tippeligabygd. Hallén trur det er fleire som beundrar prestasjonen enn dei som misunner den.

– Det Sogndal viser er ei oppmuntring til plassar rundt om i Norge om å ha tru på at det er mogleg for ein liten plass å ete kirsebær med dei store, seier Hallen.

Hallén og Mundal

FØR OG NO: Yngve Hallén og arvtagar Egil Mundal feirar opprykket på Lægreidspuben i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NRK

– Såg heile tida ut som ein førsteellevar

Sogndal treng som regel litt tid for å summe seg etter eit nedrykk. Men ikkje denne gongen. Opprykket kom på direkten, i det som var Eirik Bakke sin debutsesong som trenar.

– Han har eit fantastisk team rundt seg, men Eirik Bakke er ein del av den utskiftinga som har vore etter nedrykket. Det er imponerande at han rykker opp i sin første sesong, sjølv om han spelar på mange gode krefter, seier Hallen.

Han framhevar breidda i stallen og konkurransen om plassane som nøkkelen for at det vart opprykk. Ei rekkje spelarar fekk speletid heilt frå starten av sesongen, dermed var fleire klare til å bidra når det røynde på mot slutten.

– Dei som kom innpå tok posisjonen dei fekk på laget med stor rutine og ei sjølvfølge som gjorde at det heile tida såg ut som det var ein førsteellevar utpå bana. Det trur eg var ein del av suksessen i år, seier Hallen.

Ordføraren tok del i feiringa

Også ordførar Jarle Aarvoll er glad for at det vart opprykk.

– Det har vore kjekt i OBOS-ligaen, men det er nok med eit år. Sogndal er drive på ein slik måte, at dei toler nokon år på det nest øvste nivået. Men desto lenger du blir verande der, desto tøffare blir steget opp att, seier han.

Ordføraren jublar over opprykk

GLAD ORDFØRAR: Her ordførar Jarle Aarvoll på jobb dagen etter opprykket var eit faktum. Sjølvsagt ikledd sogndaldrakt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Under sjølve kampen var han oppteken med innsamlingsaksjonen og fekk først med seg resultatet då SMS-ane byrja å tikke inn. Derimot var han på plass då laget vart feira på den lokale puben.

– Det var ei fantastisk mottaking med eldsjelene og supporterane, i sømmelege former, men det var mykje klemmar, mykje godord og ei fantastisk stemning, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.