Hopp til innhold

Presidenten var jokeren som snudde kampen

Fotballpresidenten vart forseinka i hovudstaden, og kom til eit Fosshaugane der laget hans låg under 1–0. Men det var før han sjølv kasta seg inn med hud og hår.

– No har eg mest vondt i leggen, seier fotballpresident Yngve Hallén lattermild til NRK.no onsdag kveld.

(Saka held fram under videoen)

Laga gav alt i knokkelkampen i Sogndal - eit lokalderby-oppgjer utan sidestykke. I år vart det berre strekkskader....

46-åring har nettopp vist kva han er god for på fotballbana under eit besøk på det som må kunne kallast heimebane. For den tidlegare Sogndal Fotball-sjefen hadde teke turen til Fosshaugane for å vere med på den etter kvart så berykta «knokkelkampen» mellom dei to leirane i skimiljøet i bygda.

Då Bratt Moro og SGNskis barka saman på fotballbana i fjor vår enda det med avriven akilles, brotne ribbein, lause tenner og strekkskadar. Men sjølv ikkje det skremde fotballpresidenten frå å bli med i år.

– Det var aldri meininga å bruke Yngve i første omgang. Med hans spesielle kvalitetar var han ein joker for oss, skryt Bratt Moro-trenar Reidar Dvergedal etter kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yngve Hallén i kampen mellom SGNskis og Bratt Moro

TØFFE TAKLINGAR: Jokeren Yngve Hallén måtte tole ein del taklingar undervegs. Her er det både spelaren frå SGNskis og fotballpresidenten som prøver seg på litt god gamaldags halding i skjorta.

Foto: Christian Blom

Presterte på trening

Etter at han først vart forseinka kom Hallén som ein reddande engel til starten av andre omgang. Då leia motstandarlaget frå SGNskis allereie med eitt mål.

– No veit eg ikkje så mykje om kva som skjedde før pausen. Men eg veit at dei styrte det inn til 1–0. Strategien vår var at vi skulle overraske i andre omgang, seier fotballpresidenten.

Det var altså ingen ordinær fotballkamp som hadde lokka presidenten til Sogndal onsdag kveld. Men lat oss ikkje få understreka det nok, det var ein kamp med relativt mykje prestisje.

Sjølv hadde Yngve Hallén imponert så mykje på trening, at han vart teken med i troppen til Bratt Moro.

– Det er forholdsvis tøft å kome med i troppen vår, men Yngve gjennomførte ei imponerande trening og spelte seg inn på laget etter at han vart teken ut i troppen sist veke, fortel Bratt Moro-trenar Reidar Dvergedal sånn passeleg alvorleg.

(Artikkelen held fram under)

Frå prestisjekampen mellom SGNskis og Bratt Moro

KEEPER: Vegard Skjeldestad vakta det eine målet i kampen.

Foto: Christian Blom

– Stor moral og sterk løpskraft

Kampen på Fosshaugane skulle etter planen starte klokka 20, men beskjeden om at den svært så viktige spelaren var forseinka var truleg medverkande til at kampstart vart trekt litt ut i tid.

I løpet av første omgang låg Bratt Moro-laget litt bakpå, naturleg nok heilt planlagt då dei ville sjå an motstandarane, fortel trenar Dvergedal. Det medførte også at SGNskis gjekk opp i leiinga, etter eit flott mål av Bjarte Vatlestad.

Men etter pause kom stjernespelaren Bratt Moro hadde venta på – fotballpresident Yngve Hallén.

– Han er ein spelar med sterkare løpskraft enn det mange trur, og han har stor moral. Så desse kvalitetane fekk vi bruk for i dag, fortel trenar Dvergedal.

Måtte av bana med skade

Og motstandarlaget visste tydelegvis kor god landets mektigaste fotballmann faktisk er på bana. Ifølgje Dvergedal vart Hallén takla stygt fleire gonger.

– Det var sikkert den einaste måten dei kunne stoppe han på, dei måtte ta han.

Den eine gongen måtte Hallén ha hjelp av bana, men til alt hell var det både ein lege og ein dyrlege til stades for å ta seg av han. Dermed kunne 46-åringen raskt kome inn att på bana.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yngve Hallén måtte ut med skade under prestisjekampen mellom SGNskis og Bratt Moro

UT MED SKADE: Etter ei tøff takling måtte Yngve Hallén ha hjelpa av bana. Men 'skaden' var ikkje berre enn at han var raskt på bana att, og det blir spekulert i om han skulle hatt gult kort for filming.

Foto: Christian Blom

Superinnbyttar skåra på straffe

Ein som på førehand hadde sagt han ville stå over kampen, var festivalleiaren for Bratt Moro, Tor Yttri.

I fjor enda kampen for hans del på krykker med avriven akilles, men då laget trengde ein stødig fot på straffe vart han kalla inn.

– Vi vann til slutt 2-1, etter straffeskåring av Tor Yttri og ein fantastisk halvvolley av Tommy Øren. Det er kanskje det finaste målet som nokon gong har vore skåra på Fosshaugane, skryt trenar Reidar Dvergedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yngve Hallén delte ut pokalen til seg sjølv og vinnarlaget Bratt Moro

DELTE UT POKAL: Yngve Hallén både delte ut og tok imot pokalen saman med vinnarlaget frå Bratt Moro.

Må prestere før laguttaket

Sjølv vil ikkje Norges mektigaste fotballmann kommentere så mykje rundt sin eigen innsats. Han slår på førehand tilbake mot det som eventuelt måtte vere av kritiske røyster etter jobben han gjorde etter kampen.

Då vart det nemleg til at han både delte ut og tok imot pokalen saman med vinnarlaget.

– Det ville vore bortkasta å bruke pengar på å få ein annan frå Fotballforbundet hit, når eg først var her. Dette er ein del av sparetiltaka vi har i forbundet, flirer han.

Trenar Reidar Dvergedal er på si side klar på at Hallén må prestere om han skal få vere med i troppen også neste år.

– Om han held seg godt og er like godt trent som han har vore inn mot denne kampen, så er det klart han er aktuell, konstaterer trenaren.

PS: Medan kampen i fjor enda med svært mange skader, var det «berre» strekkskadar i år. Dvergedal spekulerer i om dette kan vere fordi laga vere betre trente, men vil ikkje kommentere det ytterlegare...