Hopp til innhold

Øystein set Azar i påskestemning

Azar Karadas meiner at Øystein Sunde sin klassikar Påsketur er ein av låtane som verkeleg set stemninga no i høgtida.

Azar Karadas og Øystein Sunde

FAVORITTAR: Azara Karadas er ein av dei mest populære Sogndal-spelarane. Han får påskestemning av ein annan favoritt, Øystein Sunde.

Foto: arkiv / NTB Scanpix

– Eg har eigentleg ikkje nokon spesielle påskelåtar slik eg har når det er jul, men dette er ei liste eg gjerne høyrer i bilen på veg til fjellet eller hytta, seier den joviale eidaren.

No i påska har Sogndal-stjerna spelefri, og han måtte stå over siste kampen mot Bodø/Glimt på grunn av skade. Då er det fint å trøyste seg med god musikk, meiner Azar Karadas.

Familiefaren meiner at lista hans er sterkt prega av det borna har sunge i barnehagen, ikkje minst diverse kyllingsongar.

Her er Azar sine favorittar:

  • Per Ellingsen, My brother knew this guy

  • De lillos, Vår

  • Øystein Sunde, Påsketur

  • Era, Ameno