Hopp til innhold

Fotball etter klespokerprinsippet

Sogndalspelarane sin eigen variant av den tradisjonelle fotballøvinga, inneber mykje prestisje, mykje konsentrasjon og ikkje minst: mykje hud.

"Nakenfirkant"

- Eg håpar det ikkje kjem nokon frå ungdomsskulen forbi her no. Dette ser ut som det er er aldersgrense på, seier trenar Harald Aabrekk om spelarane si individuelle trening.

Foto: Arve Uglum / NRK

Trenar Harald Aabrekk har sett det meste som kan skje på ei fotballbane, men scenene som utspant seg på spelarane si individuelle trening, vart sterk kost.

- Eg trur det er lite taktisk klokt å involvere seg her no. Dette har eg ikkje hjarte til å vere med på lengre. Dette har eg ikkje sett. Eg berre går, seier han og tuslar vekk frå kunstgrasbana i Sognehallen.

Vidareutvikling

Øvinga vart utvikla på treningsfeltet på Hafslo, som er temmeleg mykje meir avskjerma enn Sognahallen. Kort forklart står ein eller to spelarar i midten, med resten av spelarane i ein firkant rundt dei.

Dei på utsida skal spele ballen mellom kvarandre og prøve å få flest mogleg pasningar utan at dei i midten kjem bort ballen.

- Det er berre ein vanleg firkant, men vi har laga noko meir ut av det, ler kaptein Lars Grorud.

Siste plagget fell

Sjølv om økta tysdag var ferdig for 20 minuttar sidan, blir treninga berre meir og meir intens. Spelarar står iført berre underbuksa og er tydeleg prega av alvoret. Tommy Øren valde intervallar. Han angrar litt, men er eigentleg glad.

- Normalt sett plar det vere att ei truse, men no ser det ut som det går heile vegen. Det hadde vore litt kult, ler han.

Nokre minutt seinare fell avgjerda og Øren får heilt rett.