Hopp til innhold

Fosshaugane Campus opna

Fosshaugane Campus hadde storstilt opning fredag ettermiddag.

Sogndal på Campus Fosshaugane
Foto: MMS- Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arbeidet med å få ferdig eit tribuneanlegg til 237 millionar kroner ferdig.

- Fantastisk

- Dette er ein fantastisk dag. Anlegget er verdt alle  millionane vi har brukt på prosjektet, seier initiatitakar, og dagleg leiar i Sogndal fotball Yngve Hallen.

Fylkesordførar Nils R. Sandal stod for opninga. I tillegg var statsrådane Heidi Grande Røys og Liv Signe Navarsete til stades.

Gåvedryss

Fylket sine eigne statsrådar kom med gåver frå regjeringa.

- Vi ville eigentleg gje dei kunstverk, men det ville dei ordne sjølv. Så vi gav i staden ein pengeslump som dei kan bruke som dei vil, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Ho kan ikkje få lovprisa nok den jobben som har vore lagt ned for å realisere Fosshaugane.

Fotball-Noreg takkar

Også fotballpresident Sondre Kåfjord hadde med seg pengar til utsmykkingsfondet. Han vil fyrst og framst takke initiativtakarane for jobben.

- Eg vil på vegne av Fotball-Noreg takke for den fantastiske jobben som er gjort her. Det er eit fantastisk anlegg, som nok vil vise att på resultata til Sogndal.