Hopp til innhold

Fossar fram mot ny kommune

Ordføraren ynskjer å droppe innbyggarhøyring i Selje.

Stein Robert Osdal

I FORHANDLINGAR: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Rett før jul vedtok formannskapa i Eid og Selje å forhandle om intensjonsavtale. Målet er å avgjere om ein skal slå seg saman denne månaden.

– Forhandlingane går eigentleg veldig greitt, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

– Droppar truleg folkerøysting og innbyggarhøyring

I juni 2017 skal Stortinget vedta kommunekartet. Osdal trur ikkje det blir tid til rådgivande folkerøysting eller innbyggarundersøking. Under forrige runde i sommar vart ikkje folk høyrde om ei samanslåing Eid/Selje i staden gjaldt andre alternativ.

– Det var sett ein frist frå regjeringa til 1. juli i fjor, og den vart igjen utsett til årsskiftet. Så vi er på overtid av overtida. Vi har knapt tid til å informere folk om kva vi kjem fram til, eller gi dei tid til å røyste. Det vi baserer oss på no er folkerøystinga vi har hatt, og dei tidlegare innbyggarundersøkingane, seier Osdal.

Er tidspresset ei svakheit?

– På ein måte, men så har vi gode følarar i lokalmiljøet og det har nesten ikkje vore protestar i det heile teke til Selje-Eid.

Senterpartiet vil ha innbyggarhøyring

Fylkesmannen tilrådde å tvangssamanslå Selje og Vågsøy, men politikarane i Selje går heller mot Eid, men med invitasjon til at Vågsøy og Vanylven blir med.

Gruppeleiar for Senterpartiet Gunn Sande vil på si side ha ei innbyggarundersøking.

Gunn Sande

IKKJE NOKO VAL: Gunn Sande (Sp) ville helst at Selje stod åleine, men meiner ein no bør gå for Eid.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– For Selje sin del skal vi ha formannskapsmøte den 16. og kommunestyremøte den 26. og i løpet av desse ti dagane bør vi få det til.

Sande ville helst at Selje skulle halde fram åleine, men går no for Eid.

– Fylkesmannen føreslår ei tvangssamanslåing med Vågsøy, og eg er redd det vil skje i Stortinget til våren om vi ikkje er aktive. Då er det betre å lage ein region saman med Eid.

Kvifor er det meir aktuelt med Eid enn med Vågsøy?

– Det spørsmålet trur eg ikkje eg vil kommentere.

Fleire trur på innbyggarhøyring

Marita Aarvik

VIKTIG AVGJERD: Marita Aarvik (Frp) vil gjerne ha ei innbyggarhøyring.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Også Marita Aarvik i Frp vil gjerne ha innbyggarhøyring, men er positiv til samanslåing med Eid.

– Vi må ta styringa sjølve, om vi ikkje gjer noko er faren stor for at det skjer ting som vi ikkje ynskjer.

Judith Kvåle som sit for Tverrpolitisk liste delar synet:

– Ei innbyggarundersøking kan vere vegen å gå, dersom vi rekk det. Eid har synt betre forståing for dei tinga som er viktig for Selje.

Bjørlo: – Har ikkje bestemt seg

Alfred Bjørlo

TRUR DET BLIR SAMANSLÅING: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) trur forhandlingane vil føre fram.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har ikkje konkludert om innbyggarhøyring i Eid.

– Vi har ikkje hundre prosent konkludert, men vi veit alt mykje om kva folk tenker om kommunesamanslåing.

Bjørlo har tru på at forhandlingane vil føre fram.

– Det er absolutt ein veldig god tone. Dette er to kommunar som har eit felles utgangspunkt i at vi får betre tenester og ei betre framtid ved å vere i lag.