Hopp til innhold

Forventar rask balanse

Helse Førde sin budsjettsprekk på vel 80 millionar kroner blir ikkje teke godt imot av eigaren Helse Vest.

Oddvard Nilsen
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen, forventar at Helse Førde ryddar opp og at budsjettet kjem i balanse så raskt som råd.

Han er spesielt uroa over at budsjettsprekken har auka med om lag 30 millionar kroner berre dei siste vekene.

- Krevjande 

Den økonomiske situasjonen i Helse Førde er svært krevjande. Det seier styreleiar, Clara Øberg. Ho meiner at den store budsjettsprekken ikkje vitnar om at det er dårleg økonomistyring i føretaket.

- Tiltaka som har vore sette i verk, har ikkje fått den utteljing som vi hadde rekna med, seier ho.Grunnen er mellom anna dyrare lønsoppgjer enn budsjettert, og større utgifter til pasient-transport enn rekna med.