NRK Meny
Normal

Forventar publikumsrekord

På kampen mot Rosenborg på laurdag forventar Geir Inge Heggestad, arrangementssjef i Sogndal Fotball, om lag 4000 tilskodarar. Om so mange tek turen for å sjå oppgjeret, betyr det publikumsrekord på Fosshaugane Campus.

Fosshaugane Campus

Det kan gå mot publikumsrekord på Fosshaugane Campus på kampen mot Rosenborg laurdag.

Foto: Marit Hommedal, Nyhetsspiller / SCANPIX

Heggestad kunne opplysa om at dei onsdag allereie hadde seld 2500 billettar.

Stor oppslutnad

Geir Inge Heggestad

Arrangementssjef i Sogndal Fotball Geir Inge Heggestad håpar dei kan koma over 4000 tilskodarar. Det blir fyrste gong etter opninga av Fosshaugane Campus i 2006.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kampen mellom Sogndal og Rosenborg er på fleire måtar spesiell for sogndølane. Den mykje omtala storskjermen er truleg klar til kampen, og det kan ligga an til publikumsrekord på nye Fosshaugane Campus.

– Me forventar 4000 tilskodarar til kampen. Billettsalet har vore litt dårleg i helga, men det er av heilt andre, forståelege årsaker, men har no teke seg opp att, seier Heggestad.

Langt unna klubbrekord

Publikumsrekorden på ein heimekamp for Sogndal var i 1976, ein kamp som har gått inn i historiebøkene. Ein reknar med at 7000 tilskodarar var på kampen, sjølv om det eksakte talet ikkje er kjend.

Her er tilskodarrekordane sidan Fosshaugane Campus opna sommaren 2006.

  1. 3753 – mot Aalesund 13. august 2009 (Utseld)
  2. 3512 – mot Aalesund 8. juli 2007
  3. 3254 – mot Vålerenga 29. mai 2011
  4. 3042 – mot Odd 3. april 2011
  5. 3013 – mot Bryne 7. juni 2006

Viktig kamp

Sogndal slit framleis i nedrykksstriden, og med 15 poeng ligg dei rett under streken på 15. plass. Rosenborg er har 22 poeng, og er på ein 9. plass. Sogndal kan med siger klatra opp til 12. plass.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå