Hopp til innhold

Forventar pengar til Kjøsnesfjorden

Det er store forventningar i fylket til statsbudsjettet som vert lagt fram 6. oktober.

Størst er forventningane til at regjeringa løyve pengar til rassikring av Kjøsnesfjorden.

- Noko anna vil vere ein gedigen nedtur, seier ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal.

Og Dvergsdal får støtte frå fylkesordførar Nils R. Sandal.

- Eg har eit håp om ei startløyving i 2007. Får vi ikkje det blir vi skuffa, seier Sandal.

Har jobba lenge

 Etter det store ras-døgeret i Kjøsnesfjorden i november 2004, då 60-70 menneske var var innesperra og i livsfare, har det vore jobba intenst med å få på plass rassikring som kunne hindre liknande situasjonar i framtida.

Førre samferdsleminister var på synfaring og gjekk langt i å love pengar. Liv Signe Navarsete har gjort det same, men har venta på kalkyler og planer frå vegvesenet. No skal dei vere på plass og prislappen er 200 millionar. Dvergsdal ventar difor ei skikkeleg startløyving slik at arbeidet kjem i gang neste år.

Forventningar også andre stader

Men det er fleire forventningar til Liv Signe Navarsete og vegpengar i budsjettet.

Fatla og Stedjeberget mellom Sogndal og Leikanger er i gang. Det same er Måløy-Raudeberg, og det blir jobba med resten av opprustinga på E-16 opp Lærdalsdalen. Samstundes er Dalsfjordbrua og framhaldet av Bremangersambandet enno litt på vent i forhold til nasjonal transportplan.

Men i Stryn håpar dei på litt pengar til vidareføring av arbeid som er i gang på Olden-Innvik. Nærare bestemt 11 millionar, Stryningane har fylkestinget i ryggen.

Pengar til Lotetunnelen

Håp, men kanskje ikkje forventningar har Eid og Gloppen om pengar til Lotetunnelen og utbetring av ferjekaien på Anda.

Vegvesenet har alt planlagt utbetring av utgangane av Lotetunnelen på begge sider, spesielt dødssvingen på Lotesida. Kostandene nærmar seg 60 millionar, og håpet er at noko av dette kan komme på budsjettet slik at arbeidet kan komme i gang neste år og fullførast i 2008

Men Eid-ordførar Sonja Edvardsen håpar staten heller han bruke litt meir pengar og bygge ny tunneltrase, fordi den gamle tunnelen er så låg at tungtrafikken må køyre midt i vegbana med den risiko det inneber. I tillegg kan ein då få til rassikring på Lotesida.

Stad skipstunnel

Gjengangaren i budsjettspekulasjonar dei siste åra er Stad skipstunnel. Det omstridde prosjektet som ikkje har kome i posisjon for pengar , men stadig vandrar i ein ørkeslause planprosess. No håpar fylkesordførar Sandal igjen.

- Eg håpar i allefall på positive signal, seier han.