NRK Meny
Normal

Forventar at V og Krf pressar på for fengselsutviding

Frp held likevel døra på gløtt for ei utviding av Vik fengsel i statsbudsjettforhandlingane. Ordføraren i Vik forventar at V og KrF får pressa ei fengselsutviding inn i budsjettet.

Roy Egil Stadheim, Morten Holmberg og Sveinung Rotevatn

VALLOVNAD: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V, midten) lova i valkampen fengselssjef Roy Egil Stadheim (t.h.) og leiar i Vik Venstre, Morten Holmberg, å løfta utvidinga av Vik fengsel inn i statsbudsjettforhandlingane med Regjeringa.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me har ei god sak. Det er for få fengselsplassar i landet, og i Vik er planane klare, miljøet er på plass, og i løpet av eit år kan 30 lukka soningsplassar står klare, seier Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp).

Prislappen for ei fengselsutviding er 42 millionar kroner. Likevel har justisminister Anders Anundsen (Frp) heller kjøpt fengselsplassar i Nederland til over 200 millionar kroner i året, for å få ned soningskøane raskt.

Olav Turvoll

HELD TRYKKET OPPE: Ordførar Olav Turvoll (Sp) har sendt brev til justiskomiteen på Stortinget der han ber om at fengselsutviding i Vik kjem inn i statsbudsjettet for 2016.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det lova stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) i valkampen gjera noko med.

Tid for å levera

– Ei utviding av Vik fengsel vil stortingsgruppa til Venstre løfte inn i budsjettforhandlingane med Regjeringa, sa Rotevatn i september.

Også regjeringa sitt andre samarbeidsparti – KrF – kunngjorde i valkampen støtte til utvidingsplanane.

Men no er lokalvalet over, og det er tid for Venstre og Kristeleg folkeparti for å levera, meiner Turvoll:

– Eg reknar med at dei set fullt trykk på dette.

– Skal halda det eg lova

– Eg håpar det er noko me skal få til. Eg har tenkt å halda det eg lova i valkampen, seier Rotevatn.

Akkurat no gjer V og KrF på Stortinget klare lista med krav, som dei to partia vil setja fram i statsbudsjettforhandlingane med regjeringspartia om to veker.

Kjell Ingolf Ropstad passerer maleri av Lars Korvald

KRF FOR VIK-UTVIDING, MEN ... Justispolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (KrF) trur det er meir realistisk å få fengselsutviding i Vik inn i den nasjonale fengselsutbyggingsplanen som Stortinget skal vedta våren 2016.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg har ein ambisjon om at fengselsutviding i Vik skal stå høgt på Venstre si kravliste, og eg håpar Høgre, Frp og KrF kan støtta oss, seier Rotevatn.

– Ja, det er noko me kan koma til å støtta i forhandlingane, seier justispolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Men Ropstad viser til det som kan vera plan B for Vik fengsel – ein samla plan for fengselsutbyggingar i Norge, som kjem opp i Stortinget til våren:

– Det skal byggjast 500 nye fengselsplassar i Norge innan 2020, så iallfall i den planen er det naturleg å løfta inn i Vik.

Frp held budsjettdøra på gløtt

Høgre og Framstegspartiet ønskjer ikkje å byggja ut Vik fengsel no og vil heller prioritera Østfold og Stavanger.

– Der hastar det mest å få på plass nye soningsplassar, seier justispolitisk talsperson Ulf Leirstein (Frp).

Ulf Leirstein

PRIORITERER SENTRALE STROK: Justispolitisk talsperson i Frp, Ulf Leirstein, og regjeringspartnar Høgre vil byggja ut fengsel i Østfold og Stavanger.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) kan difor ikkje lova Vik fengsel drahjelp frå stortingsgruppa si:

– Eg jobbar for at me skal få gjort noko i Vik, men om det skjer i statsbudsjettet eller seinare, vil tida visa.

Leirstein held likevel budsjettdøra på gløtt for Vik fengsel:

– Frp og H er ikkje mot ei utviding i Vik. Eg er glad for at dei har klare planar, og me treng fleire fengselsplassar i Norge. Førebels har ikkje dette vore prioritert, men det er sjølvsagt fullt mogleg å forhandla om som alle andre spørsmål.

Vik fengsel markerte i dag at det er 150 år sidan dei opna dørene. Men bursdagsgåva fengselssjefen har mest lyst på, let framleis vente på seg.

150 ÅR: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim er frustrert over at Regjeringa ikkje seier ja til å utvida Vik fengsel. Fjernsynsreportasje frå 27. august 2015.

Vegopning på Bergum i Førde kommune