NRK Meny
Normal

Slik fekk dei tre kilo tyngre laksar

NAUSTDAL (NRK): Fleire år med målretta forvaltning har auka gjennomsnittsvekta på laksen i Nausta med nesten tre kilo. No håper Nausta elveigarlag og fiskarane at utviklinga held fram.

Børre Pettersen fisker laks i elva Nausta

FISKAR: Som statssekretær i Miljøverndepartementet har Børre Pettersen gjort sitt for elva, han har fiska i elva sidan 70-talet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Sett ut frå eit sportfiskarperspektiv er det jo ei av landets beste lakseelver, seier Børre Pettersen.

Han har fiska laks i elva sidan 70-talet, og har sett utviklinga i elva. Gjenomsnittsvekta låg tidlegare på rundt ein kilo, medan den i dag er på rundt fire kilo. Målretta forvaltning, med fleire ulike tiltak har ført til gode resultat:

  • Mindre uttak av fisk
  • Kraftig redusert uttak av fisk over 70cm
  • Flytting av fisk
  • Habitatforbetring

Slo i hel alt

Eiliv Erdal er leiar i Nausta elveigarlag, han har vore med på å setja i gang forvaltningsmodellen som er utarbeidd av NINA, Norsk institutt for naturforsking.

– Me slo jo i hel alt me fekk fatt i, stort og smått, det var jo ei heilt anna tid, seier Erdal.

Eiliv Erdal framfor Naustafossen i Naustdal

PÅDRIVAR: Eiliv Erdal har så mykje arbeid med forvaltninga at han nesten er slutta å fiske sjølv.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

For å sikra at dei gode genane vert ført vidare er uttaket av fisk over 70cm kraftig redusert. I tillegg flyttar dei levande laks høgare opp i elva, slik at ein større del av vassdraget vert utnytta.

– Omtrent halvparten av fisken som vert fangsta vert no sett ut att i, opplyser Erdal.

Youtube og røyklaks

Det er to laksetrapper i vassdraget, som gjer det enklare for fisken å koma seg forbi fossane og vidare opp i elva. Den eldste er frå 1800-talet, og er ei sprengt renne i berget under Naustafossen.

No håpar Eiliv at dei skal få bygd ei ny trapp lengre oppe i elva.

Naustafossen nederst i elva Nausta

LAKSETRAPP: I Naustafossen nedst i vassdraget er det ei laksetrapp som hjelper fisken med å koma seg forbi fossen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Dei unge fiskarane er meir interessert å få fine videoar til Youtube, i staden for å ha mykje røyklaks i frysen, som dei eldre fiskarane har vore meir interessert i, seier Eiliv Erdal

Han meiner dette er positivt for utviklinga i elva, og at det fører til eit meir berekraftig fiske.

Etter anbefaling frå NINA har det vorte utarbeidd ein habitatforbetringsplan for nokre parti i vassdraget. I fjor starta dei arbeidet med oppmuddring av eit sidevassdrag, som allereie har gjeve gode resultat.

Kvifor Nausta

Med beina godt planta i elva er Børre Pettersen klar på kvifor han kjem tilbake til Nausta år etter år.

Det er heilheiten, her er det fred og ro, det er litt natur. Det er veldig bra, forklarer Pettersen.

Elva Nausta i Naustdal

FLAUMELV: Vasstanden i elva kan variere mykje, her er vasstanden høg etter nokre dagar med regn.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.