Hopp til innhold

Fortvilar over manglande brøyting

BREMANGER (NRK): To dagar på rad stod fire vogntog bom fast og sperra vegen til Bremanger. – Heilt elendig brøyting, seier fabrikksjef.

Per Røys ved sildefabrikken i Kalvåg

IRRITERT: Per Røys, fabrikksjef på Pelagia Kalvåg, er irritert over at det ikkje var brøyta betre på

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vegnettet er ikkje godt nok eigna for den trafikken som køyrer her, og dette må det blitt tatt tak i, seier Per røys.

Han er fabrikksjef hos Pelagia sin fiskeforedlingsfabrikk i Kalvåg, og er irritert over å måtte ta omsyn til ein stengt veg som dei brukar til å frakte fisk. Det var ved Oldeidsbakkane på fylkesveg 616 at vegen var stengd.

– Det største problemet er at dei som til dømes brøyter ikkje kjenner dei lokale forholda, og det har blitt mykje verre dei siste åra. For oss er dette dramatisk. Det må bli betre brøyteberedskap, og dei som brøyter må kjenne dei lokale forholda. Det er elendige greier slik det er no.

Korleis er det å bli isolert på grunn av stengde vegar?

– Det er veldig kjedeleg, fordi vi må bruke pengar på taxibåt, og vi veit ikkje om vi kjem fram eller ikkje. Det største som står på spel er at vi ikkje blir rekna som ein stabil leverandør. Vi må ha ord på oss om å vere ein god leverandør, og då må dette bli betre.

Vogntog står fast i Bremanger

STOD FAST: Dette vogntoget stod fast tysdag kveld i Oldeidsbakkane.

Foto: Politiet

Vegvesenet: – Ikkje noko som tyder på dårleg brøyting

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for brøytinga på vegen, men avdelingsdirektør Svenn Egil Finden vil ikkje gå med på at brøytinga er elendig.

– Vi har ikkje sett noko endå som tyder på at brøytinga ikkje er i tråd med dei krava vi stiller. Dette er ein fylkesveg, og då er kravet til brøyting mykje lågare enn på til dømes riksvegar, seier Finden.

Han understrekar likevel at dei heile tida vurderer om det er naudsynt å brøyte betre på stader der det blir problem.

– Men det var vanskelege forhold tysdag kveld, fordi det kom ein del snø samstundes med at det vart mildt.

Trafikk i Bremanger

Politiet kallar brøytinga ein skandale

Politiet er derimot samde med Pelagia-sjefen. I går sa tenestestadleiar i politiet i Bremanger Espen Gulliksen at brøytinga på staden var ein skandale. I dag foreslår han at krava for brøytinga på strekninga blir skjerpa.

– Kanskje bør ein til dømes ha ein standard der vegen skal vere berr på stader der det ofte oppstår situasjonar, seier Gulliksen.

Han poengterer og at bilane som stod fast tysdag var godt skodde.

Fabrikksjefen i Pelagia vil heller ikkje vere med på at dårleg skodde køyretøy kan vere noko av forklaringa på at trailerar set seg fast.

– For vår del så lastar vi aldri på bilar som ikkje er skodde for forholda. Det set vi veldig høgt, og vi har gode folk som kan dette med bil, seier Røys.