Hopp til innhold

Fortvilar over luktproblem

– Hus og hytteeigarar på Svarstad i Stryn kan ikkje vere ute når lukta frå Tenden Miljø sitt anlegg i nærleiken er som verst. Det seier styreleiar for velforeininga for området, Even Inge Nesje.

Avfallsstasjonen til Tenden Miljø i Stryn

LUKTPROBLEM: Naboane til Tenden Miljø sitt sorteringsanlegg i Stryn, klagar på lukt.

Foto: Tenden Miljø

Lukta kjem frå bossanlegget like nord for Svarstadvika.

– Lukta er veldig konsentrert, så dei som bur i nedslagssona der, dei er sopass hardt råka at dei ikkje kan vere utandørs, seier Nesje.

Plagsam lukt

Nesje i Svarstad Faleide Vel fortvilar på vegner av folk som bur nære sorteringsanlegget til Tenden Miljø på Svarstad i Stryn. Han meiner lukta som nokre gonger kjem frå anlegget er svært plagsam for 6–7 husstandar og 30–40 hytteeigarar.

Even Inge Nesje med bart

KLAGAR PÅ LUKTPROBLEM: Even Inge Nesje er styreleiar i Svarstad Faleide Vel.

– Det er ille. Det er ei tjukk, søt kvalmande lukt, og det er rundt hus og fritidseigedomar, seier Nesje.

Tenden Miljø har tidlegare i vår vore under hard kritikk frå fylkesmannen , som mellom anna sådde tvil om verksemda si evne til å drive på ein miljømessig forsvarleg måte. Gøsta Hagenlund hjå fylkesmannen sa då at avfall hopa seg opp.

– Det er både usortert avfall som ligg ved verksemda, og det er ferdig sortert som det også er biologisk aktivitet i.

– Har retta seg etter krava

– Vi har retta oss seg etter krava frå fylkesmannen og har gjort det vi har fått pålegg om, og kjem vil å halde fram med, seier dagleg leiar for Tenden Miljø, Olav Tenden.

Ut over det vil Tenden ikkje kommentere saka til NRK

Etter Nesje klaga på lukta i midten av august, sende Tenden ein epost med svar til både fylkesmannen og velforeininga.

– Det var ein ganske oppklarande epost, slik at vi har ein ganske bra dialog. Vi vil no passe på at vi i framtida melder frå om avvik, seier Nesje.