Hopp til innhold

Fryktar at unge psykisk sjuke blir utan tilbod

Både pårørande og fagfolk fryktar for tilbodet til psykisk sjuke born dersom kuttforslaga til Helse Førde går gjennom.

Møte

MØTTEST ONSDAG: F.v. leiar for barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn go Fjordane, Liv Åse Dybdal, leiar for Familiehuset, Audhild Bruland og leiar for Førde BUP, Are Mikael Lillebø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helse Førde vil kutte 5,1 millionar i det alt knappe budsjettet til barne- og ungdomspsykiatrien i fylket. Mellom anna vurderer dei å leggje ned Familiehuset, eit viktig lågterskeltilbod for familiar i fylket.

Kvart år får 12 psykisk sjuke born og foreldra deira, tilbod om intensiv behandling og oppfølging.

Styremedlem i psykologforeningen i Sogn og Fjordane, Ingvild Stedje, jobbar sjølv med born og unge, og likar dårleg kuttforslaga frå Helse Førde.

– Dei store nedskjeringane på BUP-feltet kjem til å bli ei klar forringing av tilbodet som blir gitt til born og unge i Sogn og Fjordane, seier Stedje.

– Familiehuset er einaste alternativ

– Ein veit at det er ein del pasientar som ein av ulike grunnar ikkje klarar å hjelpe poliklinisk. For borna som er under 12 år, er Familiehuset det einaste alternativet til poliklinisk behandling innanfor barne- og ungdomspsykiatrien, seier Stedje.

Ho fryktar konsekvensane dersom nedlegginga av Familiehuset blir ein realitet.

– Vi fryktar at dei vil bli ståande att utan eit tilbod som dei kan klare å nyttegjere seg av, seier Stedje.

Stadfestar at tilbodet blir dårlegare

Leiar for barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane, psykolog Liv Åse Dybdal, var tysdag for første gong på besøk på Familiehuset. Ho innrømmer at det låge talet på pasientar, er årsaka til at tilbodet no er føreslege nedlagt.

– Når vi skal redusere på budsjettet, må vi redusere talet på tilsette. Det har vore mitt ønske å redusere minst mogleg på poliklinikk, for det er der dei fleste pasientane hjå oss får hjelp, seier ho.

Dybdal

FÆRRE FOLK: – Når vi skal redusere på budsjettet, må vi redusere talet på tilsette, seier leiar for barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane, Liv Åse Dybdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho legg til at skal ein klare å nå budsjettet, må ein kutte der færrast pasientar får hjelp. At dette minskar behandlingstilbodet til ei utsett pasientgruppe, stadfestar ho langt på veg.

– Skal vi klare å gi eit tilbod innanfor dei rammene vi har fått, vil det bli eit redusert tilbod. Det vil også seie ei forringelse av tilboda, seier Dybdal.

– Ikkje uforsvarleg

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch seier det ikkje er uforsvarleg å kutte tilbod og tal stillingar.

– Vi kan ikkje leggje opp til endringar som vil gjere tilbodet vårt fagleg uforsvarleg. Vi meiner alle forslag og det som vil bli vedteke, når den tid kjem, skal vere fundert på ei fagleg vurdering på at dette er forsvarleg. Pasientane skal framleis ha ei god behandling, seier Reusch.

Tilbake til steinalderen

Forbundsleiar, Harald Hansen, i Landsforbundet for utviklingshemma og pårørande, og tykkjer kuttforslaga frå Helse Førde er hårreisande.

– Dei midlane får dei finne ein eller annan plass og oppretthalde det tilbodet dei har, seier Harald Hansen.

– Spesielt for Sogn og Sunnfjord som har slite i så mange år for å kunne gi eit forsvarleg tilbod til barn og ungdom, og så skal ein no gjennomføre så omfattande innsparingar, det er tilbake til steinalderen, seier Hansen.

Kallar nedlegginga eit feilgrep

Leiar Audhild Myklebust har vore ved avdelinga sidan starten i 1987, og meiner at ei nedlegging vil vere eit stort feilgrep.

Audhild Bruland

FEILGREP: Familiehuset-leiar, Audhild Myklebust, meiner det er eit feilgrep å leggje ned avdelinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det vi konsentrerer oss om er å møte foreldre i lag med born, fordi vi trur at foreldre i mange tilfelle er dei som står nærast til å hjelpe barnet, seier Bruland.

Ho legg til at dei ønskjer å syne foreldra forståing for dei problema dei står oppi og kunne hjelpe dei og sjå kva som er til best nytte for borna.

– Eit tilbod som Familiehuset er så lett å leggje ned, og så er det kjempekrevande å byggje det opp att, seier Stedje.