Mange jobbar i vikariat som ikkje varer lenger enn i to månader, og dette fører til at det er vanskeleg å planlegge framtida.
Ser etter andre jobbar
Bente Juklestad var ferdig utdanna sjukepleiar for to år sidan og har etter det vore tilsette i korte vikariat ved sentralsjukehuset. Berre ved barneavdelinga, der ho jobbar, er det i dag mellom 10 og 12 vikarar som ikkje veit om dei har jobb meir enn få månader fram i tid. Juklestad seier at det er mange som no ser seg om etter andre jobbar.
Uheldig situasjon
Mange av vikarane har ikkje fått tilbod om jobb lenger enn frå september til november, fordi det då er enklare å seie opp folk. Personaldirektør Jan Birger Moe seier at situasjonen er uheldig både for vikarane og dei fast tilsette.
- Viss det blir ei nedbemanning, så er det vikarane som må gå først, seier Moe. Han håpar det snart blir ei avklaring på korleis organisasjonen skal vere framover.