Hopp til innhold

Fortvilar over hærverk

I løpet av natt til søndag har einkvan spraya ned Martin Linge-statuen i Måløy.

Hærverk på Martin Linge-statuen i Måløy

– RESPEKTLAUST: Krigshistorikar Terje Sølvberg er opprørt over at Linge-statuen er spraya ned.

Foto: Inge Skavøypoll

– Det er trasig å oppdage slikt. Eg har nesten ikkje ord, seier Terje Sølvberg.

Han er blant primus motorane for å få til eit Måløyraidsenter som tek vare på historia til krigshandlingane der Martin Linge fall i 1941.

Plaga av hærverk

Hærverk på Martin Linge-statuen i Måløy

TILGRISA: Også plassen framfor statuen er farga kvit.

Foto: Inge Skavøypoll

Søndag står minnesmerket etter kapteinen og kompanisjefen Linge fram i ny, kvit drakt. Etter alt å dømme er eit brannsløkkingsapparat tømt over statuen i Linge-parken. Skadane let seg truleg skure bort, men Sølvberg er opprørt over det han oppfattar som manglande respekt for minnesmerket.

– Det er veldig trist. Vi har vore utsette for hærverk før også. Mellom anna vart eit tre bak statuen saga ned med motorsag. Statuen står utsett til, men det er eit monument over ein kjent og kjær mann, påpeiker lokalhistorikaren.

Skoten på trappa

Martin Linge, skuespiller og leder av Kompani Linge

SKODESPELAR OG MILITÆRMANN: Martin Linge frå Norddal på Sunnmøre leia Kompani Linge og fall under kamp i Måløy.

Foto: Scanpix

Han forventar at Vågsøy kommune tek ansvar for å få rydda opp, og at saka blir politimeld.

– I år er det jo til og med 75 år sidan Linge falt her ute, poengterer Sølvberg.

Politiet sin operasjonssentral opplyser at dei ikkje har kjennskap til hærverket.

Martin Linge var leiar for ein av dei første norske styrkane i Storbritannia under andre verdskrigen, seinare kjend som Kompani Linge. Han leia den norske avdelinga på 15 mann under Måløyraidet 3. juledag 1941, og vart skoten og drepen på trappa til dåverande Ulvesund Hotell i Måløy.