Hopp til innhold

Fortvilar om doforhold på kaia

Reisande har ved fleire høve gjort i frå seg rundt på kaiområdet på Nordeide i Høyanger, skriv avisa Ytre Sogn. Torleif Julseth som eig muhuset på kaia, fortvilar over at ingen lenger tek ansvar for venterommet han i mange år leigde ut. Fylkeskommunen kravde oppgradering, men utan ein driftsavtale vil ikkje Julseth bruke pengar. Ifølgje Ytre Sogn lovar kommunen å ta grep og ruste opp både kaiområde og venterom.