Hopp til innhold

Risikerer milliontap etter statleg oppdrettstabbe

Oppdrettarar er fortvila over å bli vekkjaga etter korallfunn.

Blomkålkorall

UNIKT: Blomkålkorallane i Nordfjord strekk seg over eit 1,5 kilometer langt område.

Foto: Erling Svensen

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det er eit økonomisk tap for tre mindre oppdrettsselskap, og eit tap for lokalbefolkning, leverandørar og kundar i området, seier Carl Erik Arnesen.

Carl-Erik Arnesen er talsperson for oppdrettsselskapa, Troland lakseoppdrett, Langøylaks og Austevoll Melaks.

Selskapa risikerer å sitje att med svarteper etter at dei i fjor fekk løyve til å bygge eit oppdrettsanlegg i Nordfjord, no har staten ombestemt seg, og til neste år blir oppdrettarane tvinga vekk.

– Vi har leita kysten rundt etter ein stad å vere, det er ikkje lett å finne ein ny lokalitet. Det er investert store summar i utstyr, samt tilsett lokale folk, seier Arnesen.

Husevågøy

MÅ FJERNAST: Oppdrettsanlegget ved Husevågøy i Nordfjord.

Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

Visste ingenting om verdifullt korallrev

Denne veke vedgjekk staten ei tabbe då dei gav løyve til eit oppdrettsanlegg ved Husevågøy i Nordfjord.

For miljøstyresmaktene ante ingenting om at like ved finst eit 1,5 kilometer langt område med blomkålkorall.

Funnet vert rekna som unikt i ein fjord på Vestlandet. Frykta er at partiklar frå oppdrettsanlegget skal ta livet av korallane, funn andre stadar langs kysten kan tyde på at det finst ein slik risiko.

Det var dykkar og naturfotograf Erling Svenssen som gjorde Fylkesmannen i Vestland merksam på funnet.

Blomkålkorallar

OPPDAGING: Ved blomkålkorallar kan det vere eit uvanleg rikt dyreliv.

Foto: Erling Svensen

Vil fjerne anlegget

Etter at Fylkesmannen valde å ta tilbake løyvet, vart saka anka av oppdrettarane til Miljødirektoratet, som denne veka tok avgjerd.

Oppdrettarane får halde på til fisken er klar til slakting, etter det må anlegget vekk. I tillegg må oppdrettarane overvake miljøet for blomkålkorallen.

– Med dette tek vi vare på miljøet, samstundes som vi reduserer tap for verksemda som har innretta seg etter løyvet dei fekk, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Staten veit for lite om naturen under vatn

Miljødirektoratet seier ein i mange tilfelle ikkje har oversikt over sjøbotnen nær oppdrettsanlegg.

– Denne saka syner tydeleg at det trengst betre undersøkingar. Då kunne slike saker vore unngått, seier Ellen Hambro.

Blomkålkorall Husevågøy

UTRYGGE: Om korallane vart negativ påverka i vesentleg grad ville oppdrettarane avslutta anlegget, seier Carl Erik Arnesen.

Foto: Erling Svensen

Oppdrettarane meiner korallane kan klare seg

Oppdrettarane er framleis usamde med Miljødirektoratet. Selskapa har til no investert 39 millionar kroner ved Husevågøy.

– Faktagrunnlag tilseier at organisk materiale ikkje vil nå området der korallane er. Eit overvakingsprogram vil også gi ytterlegare kunnskap, seier Carl Erik Arnesen

Oppdrettarane meiner staten burde venta på resultata av overvakingsprogrammet.

– Vi må no gå i gang å leite etter alternativ stad å vere.

Arnesen seier dei håpar å finne det i nærområdet. Kven som skal ta rekninga, og kor mykje det vil koste å flytte seg, meiner han er for tidleg å svare på no.

– Vi føler at forvaltinga har eit visst ansvar når det gjeld å finne nytt areal til oss, seier Arnesen oppgitt.