Hopp til innhold

Han har mista all tillit etter dårleg møte med helsetenesta - fortvila over arrogante legar

Kvar fjerde klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient.

Daniel Nordstrand

HAR KLAGA: Daniel Nordstrand er ikkje nøgd med behandlinga han fekk og klaga til Pasientombodet.

Foto: Kjellrun Lavik/NRK, Colourbox

– Helsenorge er gode på overleving, men dårlegare på oppleving, meiner professor Magne Nylenna.

Norge er i Europatoppen når det gjeld å få folk friske, men hamnar lenger ned på lista når det gjeld å få pasientane til å føle seg vel.

Klaga til pasientombodet

Daniel Nordstrand i Førde har vore inn og ut av sjukehus i fire år og meiner måten han er blitt møtt på er så dårleg at han har klaga til pasientombodet.

– Det er eit system med manglande kommunikasjon og ansvarskjensle. Eg har opplevd dårleg oppfølging og der eg har blitt overlaten til meg sjølv, seier han til NRK.no.

Mista all tillit

29 år gamle Daniel fekk i 2009 store problem med det eine kneet. Han vart operert og fekk beskjed av ortopeden om at kneet nok skulle bli heilt bra igjen. Men etter fire år, tre operasjonar på to ulike sjukehus og undersøkingar av seks ortopedar er kneet framleis vondt. Berre det å gå ned ei trapp, kan føre til store smerter.

Førdianaren beskriv sitt møte med helsevesenet som eit mareritt, der det verste er å ikkje bli trudd.

– Etter den første operasjonen dukka det opp nye smerter som ikkje hadde vore der før. Då eg konfronterte ortopeden med det, trudde han ikkje på meg. Eg bad om nye bilete av kneet, men han berre sette nye kortisonsprøyter i håp om at det skulle lindre smertene.

– Kva gjer det med det som pasient å oppleve noko slikt?

– Eg mistar alt av tillit, seier han.

Fortvila over arrogante legar

Brukarundersøkingar viser at det er mange som er misnøgde med informasjonen dei har fått i møte med legar, andre er fortvila over manglande informasjon eller meiner legane er arrogante.

Professor og leiar for nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, Magne Nylenna, seier helse-Norge må jobbe med å auke servicenivået.

– Vi skårar ikkje bra nok når det gjeld pasientane sine opplevingar av helsetenestene samanlikna med andre land. Då tenkjer eg på ventetid og kommunikasjon med legar og anna helsepersonell. Når det gjeld å få ei best mogleg oppleving, er vi ikkje best i klassen.

– Må erkjenne at dei er servicebedrift

Lisa Førde Refsnes

MÅ BLI BETRE: Pasientombod Lisa Førde Refsnes seier sjukehus må bli betre på informasjon.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Kvar fjerde klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient. Også pasient og brukarombod Lisa Førde Refsnes seier dei merkar at folk ynskjer å bli tatt betre vare på når dei er på sjukehus. Ho meiner helsevesenet no må sørge for at pasientservicen blir betre

– Der tenkjer eg at sjukehuset må bli betre til å erkjenne at dei er ei servicebedrift. Kommunikasjon er viktig, for det skapar tillit og hindrar mistydingar. Pasienten vil føle seg tryggare og betre ivareteken.

– Det er ikkje blitt slik at pasientane har blitt for kravstore?

– Informasjonsbyrda bør liggje på helseføretaka. Det er dei som har informasjonen og dei veit kva som er dei gode og relevante spørsmåla. Dei bør komme på bana på tilbodssida og gi til pasientane.

Seier det må bli betre

Hans Johan Breidablik

- KAN BLI BETRE: Fagdirektør Hans-Johan Breidablik seier dei ikkje alltid klarer yte god nok service.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik vedgår at både dei og andre helseføretak i ein travel kvardag ikkje klarar å yte god nok pasientservice.

– Eg trur det må bli betre, Vi innser kanskje ikkje når det er så travelt kor viktig det er for pasient og pårørande at dei er godt informerte. Det er ein god del forsking som tilseier at resultatet av behandlinga blir langt betre når pasientane er godt informert og involvert.

Og Magne Nylenna trur helsevesenet innan kort tid vert tvinga å tenkje meir på brukaropplevinga til pasientane

– Eg trur at etter kvart vil det bli ein konkurransefaktor i ei offentleg helseteneste som vil møte utfordringar frå både inn- og utland. Servicefaktoren blir veldig viktig framover, seier han.