Hopp til innhold

Fortørna på Fiskesalslaget

Fiskarlaget er fortørna over at VestNorges fiskesalslag kritiserer Nobelpris-tildelinga.

Liu Xiaobo og administrerande direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag

Administrerande direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag får kritikk for sitt utspel mot Nobelpristildelinga.

Tildelinga av Nobels fredspris til den kinesiske menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo har skapt reaksjonar.

Ein av dei som var raskt ute med å advare mot at prisen kunne skade norsk eksport av fisk til Kina var direktør i Vest-Norges Fiskesalslag i Måløy, Magnar Aasebø.

Han meiner Nobelkomiteen burde funne ein prisvinnar som ikkje skadar norsk eksport.

No får Aaasebø kritikk frå sine eigne. Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen meiner stikk i strid med Aaasebø at Liu Xiaobo er ein verdig og flott vinnar.

LEs MEIR: Dette er Liu Xiaobo


– Eg meiner det faktisk er omsyn som går føre fiskeeksporten, seier Nilsen.

Han meiner det vil vere heilt feil om ein let Kina ikkje berre bestemme i sitt eige land, men kva vi skal meine i Noreg.


Frykta for marknaden

Utdelinga har vekt harme hjå kinesiske styresmakter og har mellom anna før til avlyste møter med fiskeriministeren.

Direktøren i Vest-Norges Fiskesalslag sa tidlegare i veka at han fryktar at ein svært viktig marknad for norsk torsk og hyse kan forsvinne på grunn av utdelinga til Liu Xiaobo.

Viktigare ting enn fiskeeskport

Men Reidar Nilsen er sterkt usamd og vil ikkje at meiningane til Aasebø skal stå att som fiskerinæringa sitt syn på saka.

Han trur at eventuelle straffereaksjonar mot norsk fisk uansett vil vere kortvarige, og at næringsinteressene vert uviktige når folk kjempar for demokrati og menneskerettar.

– Eg har ikkje lyst til å blande desse tinga saman, for dei som jobbar med menneskerettar i Kina og andre tilsvarande land har så tronge kår at dei treng all den støtta dei kan få, også frå norske fiskarar, seier Nilsen,

– Om det kjem reaksjonar trur eg desse vil vere kortvarige.