Hopp til innhold

Førti husstandar i Flåm kan snart få flytte heim

I dag startar oppryddingsarbeidet etter flaumen i Flåm. Mange vil kunne flytte tilbake allereie om få timar.

Reinert Sørensen, innsatsleiar i Aurland kommune, seier dei no vil gå inn med anleggsmaskiner for å prøve å opne vegen i dalen.

– Det vil frigjere om lag førti hus, som då kan flytte tilbake etter klokka 12 i dag, seier han.

Slit med å kome til med utstyr

Sørensen seier dei står framfor ein kjempejobb som vil gå over fleire veker.

– Men vi får byrje i dag.

Innsatsleiar i Aurland kommune, Reinert Sørensen, og e-verkssjefen Helge Morten Vangen

STARTAR OPPRYDDINGA: Innsatsleiar i Aurland kommune, Reinert Sørensen (til høgre), seier dei først vil prøve å opne vegen i dalen slik at folk kan flytte tilbake. E-verkssjef Helge Morten Vangen seier dei jobbar med å få tilbake straumen i Ryo i Flåm før helga.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Situasjonen i Underdal lenger ute i fjorden er framleis uavklart. Sørensen kan ikkje seie når innbyggjarane vil få vatn og straum tilbake, men at dei håpar å kome i gong i løpet av dagen.

I Flåm har nettstasjonen ved kyrkja forsvunne i elva. Litt lenger nede, frå Flåm skule mot Ryo, er det havari på ein kabel og fem nettstasjonar er utan spenning.

E-verkssjef Helge Morten Vangen seier dei har fått inn eit aggregat og vil få ein nytt i løpet av kort tid.

Infrastrukturen er heilt øydelagt enkelte stader.

– Problemet er å kome til med materiell og mannskap. Me har alt materiell på plass, slik at viss vi får kome oss inn og jobba, så skal vi få opp att høgspentforsyninga til Ryo-området forhåpentlegvis før helga, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

Ordføraren forventar statleg innsats

Kommunen, politi og NVE skal no på synfaring i Aurland. Noralv Distad seier det viktigaste er å få eit oversyn over kven som kan flytte tilbake.

– Det blir avgjerande kva fagpersonane seier. Ingen er tent med at ein vender tilbake til eit område som ikkje er sikkert, seier Distad.

Også olje- og energiministeren Tord Lien skal vere med på synfaringa og møte dei flaumråka.

Til no har ein berre hatt helikopterbilete og augnevitneskildringar å byggje på. Men det er opplagt at det vil koste mykje når oppryddinga skal starte.

– Det blir store utlegg for kommunen og eg forventar sjølvsagt at me får medverknad frå staten og at NVE kjem sterkt på bana med tanke på førebygging, seier Distad.

Han seier folk i Flåm må vere budde på at landskap og busetnad vil sjå annleis ut i framtida enn det gjorde før flaumen.

– Det er viktig at vi riggar eit system som er sikkert for framtida, seier Distad.

Kriseleiinga i Aurland i møte i dag tidleg

MØTE: Kriseleiinga i Aurland sat i møte i dag tidleg. Ordførar Noralv Distad seier det viktigaste er å få ei oversikt over kven som kan flytte tilbake

Foto: Gro Ravnestad / NRK