Hopp til innhold

Han førte hurtigruta forbi Stad i det verste uvêret i manns minne

Medan passasjerane sov i sengene sine, styrte Audun Dybedal hurtigruta forbi Stad i det verste uvêret i manns minne. – Det var heilt ekstremt, men eg var aldri redd.

Video Kaptein om orkan

ORKAN: Audun Dybedal var overstyrmann då hurtigruta gjekk forbi Stad under nyttårsorkanen i 1992.

Då hurtigruta MS «Nord-Norge» la ut frå kai i Måløy nyttårsaftan i 1991 visste dei ikkje kor stygt vêr dei kom til å møte lenger ute. Allereie ved kai såg dei bølgjene slå hardt mot fjæresteinane, men stormen som møtte dei ute på Stadhavet var verre enn nokon kunne føresjå.

Styrmann Audun Dybedal har verken før eller sidan vore ute for noko verre. Men med stø hand styrte han hurtigruta forbi ein av dei mest vêrharde plassane langs kysten, Stad.

– Bølgjene skal ifølgje Adresseavisen den gongen ha vore oppe i 28 meter. Det var heilt vanvittig, seier Dybedal nesten 20 år etter.

Uvêret har stogga hurtigruta

Den siste tida har vore prega av uvêr langs kysten. Ekstremvêret «Berit» gjorde størst skade, men sidan har stormane stått i kø og kasta seg over oss så fort den førre har sleppt taket.

Stormane har også sett ein stoppar for hurtigrutene langs kysten. Seinast før helga valde hurtigruteskipet MS «Richard With» å kansellere turen frå Ålesund til Bergen. Uvêr ved Stad, med storm og orkan gjorde til at kapteinen ikkje torde å reise vidare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Orkan 1992

STORE SKADER: Sjå bileta frå dagen etter den verste orkanen i manns minne, nyttårsnatta mellom 1991 og 1992. Saka er laga av Harald Kolseth og fotograf Stein Magne Os.

Passasjerane var tryggast i sengene

Ein som hugsar eit endå verre uvêr langs kysten er mangeårig styrmann og kaptein på hurtigruta, Audun Dybedal frå Måløy. Nyttårsorkanen vert rekna å vere den sterkaste stormen som nokon sinne er målt på det norske fastlandet.

Ifølgje Meteorologisk institutt vil er så kraftig storm statistisk sett berre førekomme kvart 200. år.

Dybedal stod sjølv ved manøvreringsspakane då hurtigruteskipet MS «Nord-Norge» gikk forbi Stad den ettermiddagen.

– Då vi gjekk frå kai i Måløy i halv-to tida, bad vi passasjerane om å gå til sengs. På den måten kunne vi sikre at dei var tryggast mogleg, seier Dybedal og forklarar vidare:

– Det er ikkje alle som er like vande med uvêr til sjøs. Dei kunne ikkje gå rundt slik at det kunne bli slått vegg i mellom.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video ORKAN-RETRO-080192-MR-085220-SI_MR.mp4

TILBAKEBLIKK: Slik ser NRK Møre og Romsdal tilbake på nyttårsorkanen i januar 1992.

Gav gass opp på bølgjene

Med passasjerane vel i seng kunne Dybedal sette kursen mot Stad. Med seg på brua hadde han to losar og ein loslærling. Vel ute på Stadhavet vart dei møtt av bølgjer som var større enn det den erfarne sjømannen nokon gong hadde sett.

– Det var heilt ekstremt. Eg stod ved manøvreringsspakane heile tida og gav gass og sleppte opp medan vi for opp og ned, seier Dybedal.

For å hindre at båten vart knust mellom bølgjene styrte Dybedal med stø hand skipet gjennom dei fleire hundretals bølgjene som kom mot dei. Oppover bølgjene gav han full gass, medan han på bølgjetoppane og på veg ned att nesten sløkte motoren heilt.

– Hadde eg ikkje gjort dette kunne det ha skjedd all verdas skade, forklarar Dybedal og legg til:

– Nokon bølgjer var store, og nokon små. Men det var lett å orientere seg, eg såg skumtoppane når bølgja kom.

Var aldri redd

Den erfarne sjømannen reiste til sjøs allereie i 1951. Då han stod ute i stormen tenkte han tilbake på dei første åra han hadde på sjøen.

– Eg var svært takksam for den opplæringa eg hadde fått med matrosane som hadde segla for Norge under krigen. Dei var nokre fantastiske læremeister og når eg stod der ute den dagen kjende eg meg trygg på at alt skulle gå bra, fortel Dybedal.

– Men var du redd i løpet av denne turen?

– Eg har vore så heldig at eg aldri har vore redd i mitt liv, heller ikkje i løpet av denne turen. Både eg og mannskapet som var med meg var heile tida trygge på at dette skulle gå heilt fint, seier den pensjonerte hurtigrutekapteinen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kuling ved Stad

VÊRHARDT: Stad er kjent som eit havområde som er svært vêrhardt.

Foto: Dagfinn Nyhammer

– Vi knuste ikkje ein kopp

Og bra gjekk det. Hurtigruteskipet gjekk med redusert fart heile vegen og kunne litt etter klokka 19 den kvelden leggje til kai i Ålesund.

– Då kom det ein journalist som hadde fått med seg at vi hadde kryssa Stadhavet i denne elendet. Han spurde ei av damene som jobba i salongen om korleis dette hadde gått. Då kunne ho fortelje at vi ikkje eingong hadde knust ein kopp, seier Dybedal og legg til:

– Passasjerane kom å takka oss for at dei hadde blitt bedne om å gå til seng. Ingen hadde fått ei skramme. Også lasta var utan skader.

Kjempar for skipstunnel

Som pensjonert sjømann registrerer Dybedal stadig vekk at styggevêr ved Stad set ein stoppar for båttrafikken. Han har lenge vore ein ivrig forkjempar for Stad skipstunnel og meiner det er det einaste som kan sikre den norske og internasjonale skipstrafikken langs kysten for framtida.

Tunnelen har vore utgreidd i årevis, men ingen veit om planane nokon sinne blir realiserte.

– Kvart døgn er det om lag 80 farty som passerer Stad. Dei forseinkingane som uvêret fører med seg kostar så mykje at ein kan tene inn att utgiftene på ein tunnel på to veker, seier Dybedal.

Han held fast at det først og fremst er av omsyn til tryggleiken at ein bør byggje Stad skipstunnel.

– Dessverre er det slik at det berre er sjøfarane som ser verdien av ein slik tunnel.

Stad skipstunnel

VIL HA TUNNEL: Sjøfolk har i mange år kjempa for å få ein skipstunnel ved Stad. Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen seier no det er tvil om at båtane vil kunne treffe holet.

Foto: Kystverket/Scanpix