Hopp til innhold

Fortalde om seksuelle overgrep i varetekt

Ein ung mann frå Sogn og Fjordane fortalde til advokaten sin at han var blitt misbrukt seksuelt som barn. No er ein mann i 60-åra dømd til tre års fengsel for omfattande overgrep.

– Det seier seg sjølv korleis det er å høyre noko slikt, men brikkene fall på plass, seier advokat Robert Fonn om overgrepa ein varetektsfengsla klient fortalde han om i fjor haust.

Seksuelle overgrep

Forsvarar Robert Fonn

FORSVARAR: Advokat Robert Fonn seier klienten hans konstaterer at dommen er anka. – Han hadde håpa at den ikkje vart anka. Han ynskjer å bli ferdig med saka, seier Fonn.

Foto: Arve Uglum

Det var etter stadig nye vald- og narkotikalovbrot at Fonn bestemte seg for å konfrontere klienten sin.

– Eg plar ikkje gjere det, men av både fagleg og menneskeleg omsyn ville eg finne ut kvifor han stadig kom i slike situasjonar, seier han.

Ifølgje rettsboka frå Sogn og Fjordane tingrett vart mannen stille, fekk problem med å snakke og byrja å skjelve og gråte før han fortalde om seksuelle overgrep frå han var fem-seks år, til han var 10–11 år gamal.

Anka dom på staden

Ein mann i 60-åra vart tiltalt og er no dømd til fengsel i tre år for seksuelle overgrep likestilt med samleie. Mannen var ein ven av familien og mykje nytta barnevakt. Overgrepa skal ha skjedd både på ei hytte og i heimen hans.

Mannen må også betale 200.000 kroner i erstatning. Dommen er anka.

– Han meiner seg uskuldig dømd og anka heile dommen då den vart forkynt. Det blir ubehageleg og belastande med ein ny gjennomgang, men han seier at han ikkje har gjort dette, seier forsvarar Ivar Eivind Hauge.

Ville ikkje melde

Retten festa ikkje lit til forklaringa til den tiltalte mannen og meinte andre bevis i saka svekka truverdet hans. I avhøyr skal mannen først nekta for alt og seinare «erkjenne og legge seg flat» for det han hadde gjort.

Retten kunne heller ikkje sjå at den fornærma sjølv prøvde å få mildare straff. Dei fann heller ikkje overdrivingar eller ynskje om å hemne overgrepa.

Mannen har tidlegare fortalt andre om overgrepa. Fleire har oppmoda han om å melde overgrepa, men det var først etter samtalen med Fonn at han gjorde det.

– Det var ein tanke som trengde modning, seier Fonn.

Rosar politiet

Ei kvinne i 20-åra skildra tilsvarande opplevingar. Heller ikkje ho melde overgrepa til politiet. Kvinna fortalde om gåver og overnattingar som gradvis utvikla seg til «ting som ikkje skulle skjedd». Også ho fekk beskjed om å ikkje fortelje til nokon om det som skjedde. Mannen erkjende å ha onanert framfor jenta.

Advokat Fonn rosar politiet for etterforskingsarbeidet. Det tok eitt år frå politiet pågreip mannen, til saka kom opp for tingretten.

– Politiet har tatt min klient seriøst og gjort ei god etterforsking. Arbeidet har vore svært bra og det skal politiet ha honnør for, seier Fonn.