NRK Meny
Normal

Ført rett til revepelsen

Dyrevernarar kan ha ført kriminelle rett til reverfarmane i Gloppen som fekk fråstole pels for 300 000 kroner.

Rev i bur
Foto: ”Nettverk for dyrs frihet”

- All dokumentasjon som mellom anna dyrevernsorganisasjonar har lagt ut om norske pelsdyrfarmar kan føre til at dei er lette å finne. Det seier styreleiar i Norges Pelsdyralslag, Odd Harald Nordsveen.

Les og: Nye sjokkbrekk mot pelsdyrfarmar

Storraid

For kriminelle kan lett taste seg fram til informasjon om pelsdyrfarmar på dyrevernsider på internett. På sidene ligg det ofte ute kart og oversikt over produksjonen, og dette vil vere gull verdt for dei som ønskjer å stele pels.

Det trur Norges pelsdyralslag. No er 500 skinn stolne i Gloppen.

For denne veka er det stole 500 reveskinn til ein verdi av 300 000 kroner frå farmar i Gloppen.

Utanlandske gjerningsmenn

Politiet trur utanlandske gjerningsmenn står bak, og meiner dei har treft svært godt på tidspunktet, fordi alle gardane hadde leveringsklare skinn.

- Det ligg både skildringar og kartgrunnlag for mange norske farmar på internett. Då er det ikkje vanskelege å finne fram, seier Nordsveen i Norges Peldsdyrlag.

Dyrevernarar som kjempar mot denne industrien, har lagt ut film av norske pelsdyrfarmar på nettet: Då er det ikkje vanskeleg for dei som ønskjer det å finne fram til kva gardar som har leveringsklar pels.

Sjeldan sak

Lensmann i Gloppen, Nils-Ove Roset seier det er ei svært sjelden sak.

- Dette er ein sjeldan sak, og vi mistenker at gjerningsmennene er organisert frå utlandet, seier han.

Roset seier gjerningsmennene har reist rett til gardane som hadde leveringsklart skinn liggande.

- Kor god informasjon tjuvane hadde veit vi ikkje. Men dei har treft uvanleg godt med tanke på kven som hadde skinn klart til levering, seier han.

Leitar etter varebil

Politiet prøver å finne ut meir om ein kvit varebil med utanlandsk registreringsnummer som har vorte observert i Gloppen. Roset håpar å løyse den uvanlege saka.

- Den er ubehageleg for dei som er utsett for det, og det er store verdiar som er vekke. Så vi ser alvorleg på dette, seier han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.