Forsynte seg grovt av medaljane

Tre individuelle gull, to sølv og siger i lagkonkurransen. Det vart behaldninga til dei tre utøvarane frå Førde Kettlebell Club i VM i Dublin i helga. Beate Kårstad Støfring vann begge sine konkurransar, medan Mona Brede Aase tok eitt gull og eitt sølv. Sølv tok også Trine Ryland. Sunnfjordjentene avslutta i går meisterskapen med å slå svenskane i kampen om gullet i lagkonkurransen.

Mona Brede Aase, Beate Støfring, Trine Ryland
Foto: Privat