Seksjonssjef i Statistisk Sentralbyrå, Helge Nesheim, seier dei stygge tala kjem av omorganiseringa i Statens Vegvesen. Mange av dei tidlegare vegvesentilsette jobbar no i entreprenørselskapet Mesta. Elles er talet på statlege arbeidsplassar stabilt i Sogn og Fjordane.
Store avisoppslag
Denne veka har dei store tala ført til dramatiske presseoppslag:
Dagens Næringsliv onsdag: Staten veks, - i Oslo. Tala er stygge for Sogn og Fjordane, som mista heile 527 statlege arbeidsplassar i 2002.
Firda torsdag: Over 500 offentlege arbeidsplassar borte. Ei systematisk tapping av distrikta, seier Liv Signe Navarsete i Senterpartiet.
Men desse arbeidsplassane ligg altså framleis i Sogn og Fjordane.
– Det som har skjedd er at dei er klassifisert om frå å vere statleg forvaltning til å ikkje vere det lenger, seier Helge Nesheim.