Hopp til innhold

Forsvinninga som gav DNT nytt liv

I år er det 100 år sidan den myteomspunne fjellvandraren Fredrik Arentz forsvann i Jotunheimen.

Fredrik Arentz/Arentzbu

GA NAMN TIL HYTTE: Arentz-namnet er i dag mest kjent for brukarane av dei mange sjølvbetjeningshyttene Til DNT. Til høgre i biletet ser vi Arentzbu.

Foto: Den Norske Turistforening/NRK

Korleis kunne den tragiske endelykta hans ein stad på strekninga Leirvassbu til Turtagrø gje DNT «nytt liv»?

NRK Ut i Naturen fortalde i år 2000 for første gong den spennande historia
Om Arentz si forsvinning i 1914 – og korleis den seinare utløyste ei av dei
største pengegåvene til Den Norske Turistforening nokosinne.

Arentz-namnet er i dag mest kjent for brukarane av dei mange sjølvbetjeningshyttene
Til DNT. I programmet fylgjer Ut i Naturen dei danske etterkommarane til
Fredrik Arentz opp Mørkridsdalen i Luster til Arentzbu.

Kjentmann på turen er legendariske Claus Helberg. Helberg arbeidde i mange år i DNT og kjenner betre enn andre betydninga av forsvinninga til Fredrik Arentz. Programmet er laga av Inge Kjell Holme og Steinar Lote.

Sjå «Forsvinninga som gav DNT» nytt liv på NRK1 klokka 19:45 tysdag. Programmet blir også tilgjengeleg i nett-TV i løpet av kvelden.

  • LES OGSÅ: