I retten i dag har fleire vitne fortalt kva dei gjorde om morgonen den 6. juni 2004. Felles for dei er at dei har vore i området, men ikkje sett den tiltalte gaularmannen. I staden kunne dei fortelje om andre observasjonar - mellom anna kvinna som denne morgonen hadde sett ein blodraud Volvo og ein syklist langs Angedalsvegen.
Blackout
Også i dag henta forsvaret fram vitne som stadfesta at Standnes misser minnet i fylla. Arbeidsgjevar Arne Storm fortalte i retten i dag om ein mann som kunne stille på jobb måndagsmorgonen utan å hugse kvar han hadde vore i helga:
- Ein gong kom han på arbeid og spurde etter forskot. "eg har vore på fest i Førde og må ha mista Visa-kortet mitt der" sa Standnes. "Men det ligg jo på Sande kro", sa Storm. "Å, faen. Har eg vore der og i helga...?"
Storm teikna elles eit bilete av ein svak og lite skarp einstøing, og han fortalte retten at det ville overraske han om Standnes har gjort det han er tiltalt for.