Hopp til innhold

Forsvaret til Vik etter granatfunn

Laurdag vart det oppdaga granatar på Hove i Vik. Folk frå Forsvaret kom til staden laurdag kveld for å undersøke funna.

Under riving av eit gamalt bygg på Hove i Vik vart det laurdag funne granatar. Politiet har bede om rutinemessig hjelp frå Forsvaret. Dei kom til bygda i laurdag kveld for å vurdere og eventuelt uskadeleggjere grantatane.

Lensmann Agnar Drægelid seier at sprenglekamane skal detonerast. 

Ifølgje politiet ligg granatane i ein gamal HV-bunker som skulle rivast på oppdrag frå skyttarlaget i Vik.